Mysteriet om den bortkomne boka...

Av Liv Anne tir 21.04.2020 - 20:37

Fjelltrimboka på Nonhaugen er vekke. Det er eit mysterium, fordi den vart lagt trygt på plass og mura inn i varden på Nonhaugen langfredag. Ei veke etter er både bok og boksen til boka sporlaust vekke. Om nokon har opplysningar i saka ( for eksempel har fått den heim i tursekken)  - så er turgruppa interessert i å få den.

Ny bok kjem på plass onsdag 22.april. Det som er dumt er at mange namn er vekke. Er du ein av dei som veit at du har skrive deg opp fordi du samlar poeng til Fjelltrimen, ta kontakt med Liv Anne for å få deg notert! Dei som var med på turen langfredag har allereie fått namnet sitt i den nye boka.