"Kan kle vera berekraftige?"
Det er tittelen på Nysgjerrigper-prosjektet til Eksingedalen skule 2020. Prosjektet heldt til finaleplass, og i dag vart det klart at Nysgjerrigper-ane ved Eksingedalen skule får bronse i år.
Skulen har delteke i Nysgjerrigperkonkurransen fire gonger og har no sikra seg fire medaljer, tre sølv og no ei bronsemedalje.
Elevane grov ned dei første huene i august 2018. Fram til oktober 2019 sjekka dei huene 14 gonger, og gjorde registreringar med bilete og logg. Den største overraskinga kom ved skulestart sist haust. For tre av huene som var "heilt i orden" i juni var no nesten vekke. Det var huene av ull, dei syntetiske huene av fleece og akryl var like heile. Dette førte elevane til å finna ut meir av kva som kunne ha skjedd; kvifor og korleis.
Dei fann ut meir om dei ulike materiala (ull, bomull, fleece, akryl), om korleis kleda vert produsert, miljømerking, om økologi og berekraft. Den norske ulla har miljømerket "svanemerket" fordi heile verikjeda er kjent. Sidan ull viste seg å skilja seg ut som berekraftig, vart det til ei temaveke om ull i januar. Sauerasar og ulltypar vart studert, og elevane jobba praktisk med ull. Dei fekk m.a prøva å spinna garn på rokk og handtein.
Og di meir dei studerte og las og prøvde ut, så fann dei ut kor bra ull er som materiale både i produksjon og bruk. Kleda av ull har mange gode eigenskapar.
Kva er berekraft?
"Korleis me brukar verda har noko å seia for heile verda. Og det vil ha noko å seia for framtida til heile verda."
Og det vart konkludert med at "ullhua har gått tilbake til økosystemet". Ullhuene vart nemleg omlag vekke i jorda. Og alle veit at ull vert produsert år etter år, om att og om att av sauane som beitar og gjev oss mat.
Dei to huene av merinoull forsvann fortast, og i rapporten kan ein lesa:
"All ull er blitt til jord. Hua har gått attende til naturen, tilbake til økosystemet i verden. Vel, det gjev eigentleg ikkje heilt meining, fordi i økosystemet i Eksingedalen er det ikkje merino-sau. Her er det normale sauar. Hua har gått tilbake til verden sitt økosystem"
Om den heimestrikka hua vart dette konklusjonen: " Denne hua har gått tilbake til Norge sitt økosystem, kanskje Eksingedalen sitt oogså, Viss ulla kjem frå sauane som har beita her på Bergo, iallfall"
Alle bør vita meir om korleis kle vert laga
Elevane skriv at det billegaste og enklaste valet ikkje alltid er det beste. Det er mange ting som må tenkjast på; er det bra for miljøet, folka som produserer og for økonomien? Det er lurt å vita korleis produksjonen av klesplagget har skjedd, kvar det er produsert og kor langt eit plagg har vore på reise før det når den som skal bruka det.
Til slutt i rapporten kjem bodskapen:
- Ull må brukast mykje, mykje meir! For ull har gode eigenskapar, varer lenge og går lett tilbake til naturen. Ull går inn i den evige sirkelen - det store økosystemet. Det er naturen, og det er heile verda vår.
- Viss me kan seia at me kan gjera noko om og om att og for evig og alltid, så er det berekraftig.
Heile rapporten til Eksingedalselevane er å finna her: https://www.nysgjerrigper.no/siteassets/rapporter/kan-kle-vera-berekraftige.pdf