Medaljedryss til "Nysgjerrigperane"

Av Liv Anne tor 14.05.2020 - 12:30
Vemund Bergo, Elias Bergo, Silje Gullbrå og Robert Brønstad Hafstad har god grunn til å jubla over godt prosjekt!

Juryen si tilbakemelding er:

De har gjort eit grundig og omfattande stykke arbeid som har vart over tid. De har levert ein flott rapport der alle undersøkingane er godt dokumenterte med flotte bilete, teikningar og film. Det er fint med ordforklaringar og variert teori og at de knyter forskinga dykkar til bærekraftsmåla. De har gjort mange undersøkingar og mykje research som støttar opp om hypotesane. Det er flott at de flettar inn andre tema som de har jobba med på skulen og at de involverer bygda i forskinga dykkar. De ser ut til å ha lært masse undervegs og har funne ut ting som kjem til nytte for andre. Bra jobba!