Butikken i Eksingdalen er verkeleg ein pilot. Det er den første butikken i Snarkjøp-kjeda som vert fullstendig sjølvbetent. I heile landet er det berre ein butikk som har prøvd dette ut tidlegare.
- Det er eigentleg ganske stort, seier butikksjef Hege, som legg til at det er kjekt å få høve til å vera med på dette.
Det har skjedd mykje på butikken på Lavik dei siste to vekene. Heilt ny kasse er montert, dørene har nye låsar – og det er montert kamera som følgjer med. Dersom butikken ikkje er open, kan kundane no låsa seg sjølv inn ved hjelp av bankkortet sitt. Så kan ein handla, lesa av varene i den sjølvbetente kassa, betala og opna døra ut att ved å lesa av kassalappen. Om ein ikkje får det til, er hjelpa kort veg unna: Berre eit tastetrykk.
- Me som er tilsette her vil vera tilstades på butikken til dei tidene det er mest folk som handlar, og alle får hjelp til det dei treng. Utanom dette er det sjølv betjening. Frå no er butikken open kl. 09.00 – 22.00 kvar dag, også om søndagane. Går dette bra, kan det vera at eg utvidar opningstida, men eg treng litt nattesøvn også, smiler Hege.
Butikken på Lavik er med i eit pilotprosjekt i samarbeid med daglegvarekjeda og Merkur-programmet som støttar og hjelper til med utvikling av distriktsbutikkar. Løysing med delvis sjølvbetent butikk har vore prøvd ut på ein nærbutikk i Telemark i over eit år. Resultatet har vore så positivt for både butikken og kundane at det er sett i gang eit nasjonalt pilotprosjekt. Eksingedalen Snarkjøp AS er ein av åtte butikkar som no får fagleg hjelp til å prøva ut ny teknologi.
For å kjøpa varer som det er knytt aldersgrense til, må ein visa fingeravtrykk. Dette treng ein berre gjera ein gong, der ein av dei tilsette kontrollerer. Sidan er det lagra til neste handel. Utanom opningstida kan Hege godkjenna via kommunikasjon gjennom kamera frå butikken til henne. Alkoholsalet vert regulert med låste dører til skåpa etter gjeldande reglar for opningstider.
- No kan både fastbuande og hyttefolk handla kvar dag og på kveldstid. Eg trur dette er bra for butikken, seier Hege.