Klar for feiring

Av Frøydis lør 16.05.2020 - 23:44

Som tidlegare annonsert blir det ikkje vanleg 17.mai feiring i år. No spelar absolutt ikkje vèret på lag, så det blir heller ikkje noko skitur til Kvitanosi. Me oppfordrar likevel sterkt alle til å feire nasjonaldagen med dei rundt seg. Få dei med og syng nasjonalsongen klokka 13 saman med resten av Norge. Me ynskjer veldig gjerne bilder frå årets feiring tilsendt, slik at dei kan delast på denne nettsida. Send dei på mail til liv.anne.bergo@vaksdal.kommune.no

Det er no lagt ut lenke til ny film frå Eksingedalen på nettsida. Link er også nederst i denne saka. Filmen er innspela mai 2020, som innslag til kommunen si 17.mai feiring dette korona-året. Verdsomspennande smitte med nytt korona-virus har gitt oss mange restriksjonar i år - og me kan ikkje feire 17.mai som vanleg. Då er det fint å finna noko felles på internett. Ordførar i Vaksdal, Hege Eide Vik har tatt initiativ til å samle inn innslag frå dei ulike bygdene, og dette er eit innslag frå Eksingedalen. Mykje er filma frå sykkeltur opp dalen 7.mai. Denne dagen var det meldt fint vèr, men yr svikta. Det gjorde også vindaugspussaren til kamerahuset. Resultatet ser de sjølv. Me velgjer likevel å publisere dette. Mange folk stilte opp for å bli med - og til saman viser filmen både variasjon i klima - og litt folkeliv langs heile dalen vår. Til sist endar me opp på Kjerringanosi - filma nokre dagar etter, då skyene hadde flytta litt på seg.

Innslag frå 17.mai feiring både frå Eksingedalen og andre bygder i Vaksdal vil du finne på https://www.vaksdalposten.no/ og https://www.avisa-hordaland.no/

17.mai film frå Eksingedalen 2020