Første onsdagstur i dag: Eikefetstølen

Av Liv Anne ons 20.05.2020 - 11:44

Onsdagsturane startar opp, frå i dag 20.mai. Start kl 18 - til Eikefetstølen.
Neste veke er det Vetlejordstølen. 

Heile turprogrammet vert å finna i kalenderen på sida. 

Kanskje det freistar å samla poeng til Fjelltrimmen? 

Det er 15 ulike turmål for å få kruset. Sesongen varer til midten av oktober. På stølar og på Kultatoppen er det kasser med bøker i der ein kan registrera seg. På Nonhauen er boka i eit glas i varden.

Etter å ha vore på Kvitanosi kan ein skriva seg i boka i ein kasse ved brua like før ein kjem ned att til Gullbrå.

 

I tillegg til dette vert det bok på Mjelkeplassen på Bergo. Her er det eiga premiering. Boka kjem på plass så fort det er tåe opp lia. Denne stien vart rydda av idrettslaget sist vår, og er løypa for motbakkeløpet «Gygrakjeften Opp»

 

ONSDAGSTURAR, der alle turane startar kl 18

VÅRTURAR:

20. mai: Eikefetstølen

27. mai: Vetlejordstølen

3. juni: Flatekvalstølen

10. juni: Nesstølen

17. juni: Yksendalstølen

 

HAUSTTURAR:

12. august: Gullbråholmen og vidare om Trefallstølen

19. august: Njukjen frå Vinningsleitet

26. august: Vinningsleitet – Nesheimstølen - Ogelsmoget

2. september: Eksestølen

9. september: Lavikstølen – Haugastølen

16. september: Brakestadstølen

 

Søndag 12. juli inviterer turgruppa til sommartur: "Frå Flatekval til Njukjen, vidare til Tuftane og om Grønbakkjen ned til Lavik"

Dette er ein nydeleg tur, fantastisk utsikt på toppane og ei vandring langs gamle stiar og stølslandskap. Den er bratt i starten, deretter litt opp og ned oppe på høgda, før nedstiginga mot Lavik.

Start: Ved kraftverket i Sørdalen på Flatekval kl. 11

Jomar er kjentmann!

Det er kjekt å ha noko å gle seg til!