Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.
Svein Tollefsen møtte for Bygdarådet og Per Gammersvik var representant for bygdene på Osterøy, som også er ein del av den samla planen for utbygging av mobildekning til dei «kvite» felta på Telenor sitt dekningskart i Vaksdal kommune.
Eirik Haga kunne informere om at ein intensjonsavtale mellom kommunen og Telenor må væra signert innan årsskifte. Dersom dette ikkje skjer har Hordaland fylkeskommune varsla at dei 4,7 millionane som er gitt i tilskot til denne utbygginga vert trekt tilbake. Det var einighet på møtet om at ein må klare å behalde desse midlane. Vaksdal kommunen og Telenor har gitt seg sjølve ei frist til 23. desember med å få intensjonsavtalen signert.
I tillegg til to sendere på Osterøy, er det planlagt ein sendar på Høvik som skal dekke Høvik og Vetlejord. To sendere i området Lavik til Bergo som skal ta med seg Haugen og Øksendalen og to sendara som skal gi dekning frå Trefall til Gullbrå. Alle desse sendarane vil sende med 3G hastighet med muligheit for å kunne oppgraderast til 4G. Om og når det vil skje kunne ikkje Lukashaugen seie noko om. Heile denne utbygginga er kostnadsrekna til mellom 7 og 7,5 millionar, men den nøyaktige summen var for tidleg å fastslå. Det er dette som er utgangspunkt for å få laga ein intensjonsavtale.