Aktiv fjelltrim i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 28.01.2018 - 19:22
Glad turgjeng feirar bursdag på Nonhaugen 23.august

Trimappen til Bergsdalen Opp har nok utan tvil hatt posistiv effekt for aktiviteten. Og når mange trakkar stiane vert dei både tydelege og ryddige. Til Kultatoppen vart stien frå Bergofossen lettare og lettare å sjå utover sesongen. Kultatoppen var ein populær post i trimappen, og fekk flest besøk også i bøkene til Fjelltrimmen denne sesongen, med 439 noterte namn.

Turgruppa premierer dei mest aktive på årsmøtet laurdag 3.februar. Det vert utdeling av kruset til dei 28 som har greidd det -  og tre vinnarar får gåvepremie. Kven vinnarane er, er hemmeleg fram til laurdag. Men, det kan røpast at den som gjekk aller mest nådde 524 turpoeng!

Turgruppa har i 2017 gjennomført 2 skiturar og åtte onsdagsturar denne sesongen. I tillegg har gruppa skipa til Kom deg ut-dag i februar -17 og "Opptur" i mai, "Opptur" vart gjennomført for heile skulen, saman med Voss Utferdslag. Den årlege sykkelturen frå Gullbrå vart i samband med "Tour des Fjords" 25.mai, og enda opp ved Modalstunnelen. Turgrupa vart også invitert til å vera med og opna den nye, flotte brua på veg til Flatekvalstølen i oktober.

Langfredagsturen vart reine folkevandringa til Kvitanosi. Etter mykje dårleg vêr kom endeleg dagen med sol og fantastisk påskevêr! "Uoffisiell teljing" på Gullbrå talde 200 på tur. Mange blide fjes var å sjå, i ein jamn straum både opp og ned.

Kvitanosi, nydeleg påsketur 14.april 2017