Nytt Turlag i Vaksdal

Av Liv Anne tor 11.01.2018 - 21:39

Vaksdal Turlag I haust tok Arild Soltvedt frå Dale kontakt med Bergen og Hordaland Turlag. Han er ein turentusiast frå Dale, som gjerne vil ha fleire med på tur og få kjennskap til nye turar. Det vart invitert til folkemøte på Dale, med godt frammøte. Eit klart mål etter møtet var å skipa Vaksdal Turlag. Eit interimstyre med ein representant frå kvar bygd vart sett ned. Interimstyret har jobba fram vedtekter og godkjenning frå Bergen og Hordaland Turlag. Alt ligg til rette for endeleg etablering på årsmøtet midt i februar.

Organisering av Den Norske Turistforening i Hordaland Bergen og Hordaland Turlag er "paraply" over alle dei lokale turlaga i Hordaland. Med unnatak av Voss Utferdslag. Voss Utferdslag står heilt på sine eigne turbein. For nokre år sidan vart alle med postadresse 5728 Eidslandet registrerte som medlemmar i Voss Utferdslag.

Er du medlem i Turistforeningen med denne postadressa, må du sjølv melda overgang til Bergen og Hordaland Turlag dersom du ynskjer vera med i Vaksdal Turlag. 

Samarbeid med lokale turgrupper Eksingedalen IL har ei aktiv turgruppe som arrangerer mange korte og nokre litt lengre turar i sesongen. Turgruppa organiserer også Fjelltrimmen i Eksingedalen. Denne turgruppa vil framleis vera sentral i idrettslaget og organisera turar i Eksingedalen. Vaksdal Turlag ynskjer samarbeid med lokale grupper, og med det kan ein kanskje lettare komma seg på tur i andre bygder i kommunen også. Alle arrangement er opne for alle som vil!

Årsmøtet i Vaksdal Turlag vert i Turbinen på Dale tysdag 13.februar kl 18.00. Årsmøtet er ope for alle turinteresserte, og alle som er medlemmar i DNT har stemmerett.