Del to: Om dei bortkomne bøkene...

Av Liv Anne man 01.06.2020 - 20:25
1.juni 2020

Den første boka forsvann mellom 10. og 19.april. Ny bok kom på plass 22.april. Den andre boka forsvann mellom 25.april og 31.mai. Frå no håpar ein at Fjelltrim-boka ligg trygt i den nye tur-postkassa. Kassa er bora fast i varden, så no gjeld det berre å få boka trygt oppi att etter kvar signatur. 

Alle namn det vart meldt frå om sist boka vart vekke, er notert inn i den nye boka. Om du sjølv har notert deg opp i bok 1 og 2 og ikkje fått dette registrert, så meld inn til turgruppa - eller skriv deg opp ved neste tur til Nonhaugen. 

Skiføret er godt, og det er metervis med snø att mange stader. Snø vil ein nok møta på turane utover sommaren også. Fint er det uansett! 

God tur! 

31.mai 2020
Ny tur-postkasse på plass!