Registrering av nye liv i sauemagane, på sjølvaste morsdagen

Av Liv Anne søn 12.02.2017 - 18:11
Fosterteljar Ertzaas, omreisande med ultralydapparat i kofferten.

- Foster mellom 35 og 100 dagar er lettast å sjå, fortel Ertzaas.

Så han har difor tid på seg til å komma runden rundt i rett tid. Dei med seinaste lammeseson får besøk til sist, tilpassa den geografiske reiseruta, sjølvsagt.

Når ein veit kor mange foster sauen ber på, kan fôringa tilpassast til dette. Og bonden kan vera klar til adopsjon når ein sau som ventar eitt lam skal lemma.Det vert eit godt lammeår i år også, melder sauabøndene i Eksingedalen. I år var forsterteljinga på sjølvaste morsdagen, lite ante nok sauane om det!