På idrettslaget sitt årsmøte var det premiering, og 27 ivrige trimmarar hadde nådd målet om alle 15 postane og med det greidd kruset! Kruset er det sjuande i serien, og 11 turgåarar har alle krusa til no.
I tillegg vart dei ivrigaste premierte med gåvekort i sportsbutikk på Voss:
6-12år: Elias Bergo, 51 poeng og alle postane
13-16 år: Vegard Gullbrå Tollefsen, 78 poeng og alle postane
Vaksne: Haldis Øvstedal, 177 poeng og alle postane
Småtrolldiplom (for alle under skulealder) vart delt ut til syskentrioen på Nesheim, Heidi, Signe og Kasper.
Turgruppa gjennomførte i 2016 tre skiturar, ni fjellturar til fots og den årlege sykkelturen frå Gullbrå til Eidslandet.
Nytt program er sett opp for den kommande sesongen:
Søndag 5.februar: KOM DEG UT DAG
Søndag 19.mars: Skitur til Blånipa eller Blåvasshorgi
Langfredag, 14.april: Skitur til Kvitanosi
Første onsdagstur vert 24.mai, og sykkelturen vert 11.juni. Alle datoar vert å finna i kalenderen på heimesida. Følg med for endringar!