Bålkos og god stemning!
Omlag 25 møtte opp og tok del i bålkos, leik eller trim. I tillegg suste spreke menn stadig forbi i langrennsløypa på Nesheim skistadion, med tydeleg mål om å bli endå raskare!
Sol, varmegrader og godt humør - ein fin dag å komma seg ut!
Mellom deltakarane var ein heil førsteklasse frå siste delen av 80-talet, og sidan storskulelæraren også var til stades måtte klassebilete takast!
"Gamle-klassen" og læraren: Lars Bjarte, Aud Marit, Lars Ørjan og lærar Solfrid.