
Gråtassen med sjåfør Ivar Bergo var populært innslag i 17.maitoget i Eksingedalen. Eit samla og langt tog, til Eksingedalen å vera! Foto: LivABergo
Dette året måtte det dekkast ekstra bord slik at det skulle bli plass til alle, 115 frammøtte på 17.mai er høgaste talet på mange år! Etter matstund i gymsalen på skulen var det tradisjonelle leikar ute, både for dei med stort og mindre stort konkurransinnstinkt. Og ikkje minst var det gode høve til å prata med naboen, tilreisande, kjente og ukjente utover ettermiddagen.
Her er nokre glimt frå dagen: