Gladsak: Presis ryddar opp etter seg!

Av Liv Anne fre 17.07.2020 - 09:34

Mange har irritert seg over alle raude, oppdelte brøytestikker som har lege slengt utover langs fylkesvegen over fjellet. Sannsynlegvis tusenvis, og frå år tilbake. Brøytestikker som har gått gjennom snøfresaren og som er kappa opp i små og større bitar - som har lege og lyst raudt i mot oss. 

Brøytestikkene som stod fast att langs vegen vart plukka opp i vår, men ikkje alt det andre.

Denne veka skjedde det endeleg: Blide ungdommar frå Presis Vegdrift har plukka plast i stor stil.

- Eit tips til neste sesong: Å plukka opp alt medan det er snø over det heile? 

- Jau, det hadde nok vore lettare å teke dei på snøen, så hadde me sleppt å trakka i all sørpa, sa den eine av ungdommane.

 

Eller - kva med å setja opp kraftigare brøytestikker som tåler brøyting og fresing? At det er mykje snø over fjellet kvar vinter, er iallfall heilt sikkert!