Rundt 50 personar fann vegen til løypene og aktiviteter på Nesheim ved årets kom-deg-ut dag. Bålet var tent og kjele putra over dette. Rebusløypa stod oppe - og dei som ville fekk prøva seg på spørsmåla. Ikkje alle var like lette, men det såg ut til at fleire samla seg og gjekk saman rundt - så var det fleire som kunne svare. Etter at folk hadde fått summa seg litt, og prøvd både løyper og akebakkar, var det tid for truge løp. Løpet gjekk over flere heat, der dei beste gjekk vidare til finale og semifinale. Det var passe pudder, og innsatsen var upåklageleg hjå alle. Ikkje like lett å halde seg på beina i full fart i laussnøen med truger - så det vart ein del knall og fall undervegs - men dette auka berre publikumsinteressa og innsatsvilje. Alle kom seg raskt på beina att, og trygt over målstreken. I finaleløp var det spennande lenge, men på slutten drog Håkon Øvstedal i frå og sikra sigeren.
Tida gjekk fort, og folk såg ut til retteleg å kosa seg ute i snøen. Kaffi, kakao og siste rest av julekakene kom opp av sekkane. Mot slutten vart det også laga softis i snøen- slik nokon hadde lært tidlegare i veka. Det var jo trass alt også bursdagsfeiring!