Årsmelding 2012 - 2013

Av Svein søn 18.02.2018 - 18:55

ÅRSMELDING FOR EKSINGEDALEN BYGDARÅD,

Året 2012 – mars 2013

 

Medlemmer i Bygdarådet pr 18.mars   2013:                                                                                   

Øvre Eksingedalen Grunneigarlag - Trygve Nilsen (Leif Kåre Ekse)

Eksingedalen Grunneigarlag - Geir Ove Carlsen

Eksingedalen IL - Elisabeth Holth

Eksingedalen Kvinne- og familielag - Haldis Øvstedal

Eksingedalen Bondelag - Magnar Nese (Kari Brørvik)

Dølalaget - Ivar Bergo

(Eksingedalen Bonde- og Småbrukarlag er gått inn i Voss B&S)

Kommunestyret - Karin N. Flatekval

Eksingedalen skule og barnehage - rektor

Nærbutikken - Sukheet Bharj

Helsevesenet - Frøydis Gullbrå

 

Arbeidsutvalet

Olav Gullbrå, Gunnar Hatland

Svein Tollefsen, Liv Anne Bergo

 

Redaktør for heimesida - Magnar Nese

 

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Valnemnd: Astrid Lavik, Kåre Magnar Trefall, Albert Gullbrå

 

Tremannsutval i samband med vassdragsaker:

Bjarne Lavik, Sveinung T Bergo, Gunnar Hatland

 

ÅRSMØTET I 2012:

Sist årsmøte vart halde 16/2- 2012 på Eksingedalen skule.

12 av dei 15 valde medlemmane i Bygdarådet møtte.

Årsmeldinga og rekneskapen for 2011-12 vart samrøystes godkjende.

 

Arbeidsutval etter årsmøtet:

Liv Anne Bergo, leiar for eitt år

Gunnar Hatland, styremedlem for 2 år

Svein Tollefsen, kasserar, var ikkje på val

Olav Gullbrå, var ikkje på val

 

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Ny valnemnd: Astrid Lavik, Kåre Magnar Trefall, Albert Gullbrå

 

Magnar Nese heldt fram som redaktør for heimesida

 

5-mannsutval i samband med Beinhelleren Pumpe:

Tremannsutvalet + Trygve Nilsen og Reidar Fjellanger

+ Ekso Elveeigarlag v/ Knut Eirik Møster

 

 

 

Årsmøtet prioriterte desse sakene framover:

  • Marknadsdag 26.08.12
  • Stiar og kart
  • Heimesida: Vidareutvikling og arbeid med denne
  • Skule, barnehage og SFO
  • Leggja til rette for tilflytting, i nye og eksisterande hus
  • ”LivOGLyst” prosjektet og ”Folk til bygdene”
  • 1-dags-konferanse mai/juni med fokus på utvikling av området
  • Sjå på lagsstrukturen, kan tal lag reduserast?
  • Hjartestartar: Innkjøp?/plassering? (Frøydis, Britt)
  • Heldt fast krav om samla plan for vassdraget ved all kontakt med BKK ang tilgroing, fiskeforvaltning, Beinhelleren Pumpe osv. Tremannsutvalet frontar saker, og grunneigarar tek kontakt med tremannsutvalet med dokumentasjon / krav.
  • Følgja med i mobilsaka
  • Starta arbeid med fiber til alle hus

 

 

 

ARBEIDSÅRET, februar 2012- mars 2013:

 

Faste saker for Bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Innkalling av 17.mai komité vert sendt ut før påske.
  • Marknadsdag og Stølsdag: Fastsetjing av dato og val av komité. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Neste marknad vert siste helg i august 2014.
  • Sommarjobb: Gjera kjent rettleiande satsar og formidla jobbar ved etterspørsel.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. Dette året var det Eksingedalen IL  som fekk ansvaret for innsamlingsaksjonen.

 

 

Saker 2012-2013:

·         Eksingedalen.no

·         Rassikring i Trefallstranda

·         Arbeid med stiar og kart

·         Bustader og etableringstilskot

·         Samarbeid  mellom bygdelaga og Vaksdal kommune, LivOGLyst

·         Bygdekonferanse

·         Uttale om endringar av inndelingslova

·         Opprydding i Ekso i 2012

·         Overvakingsprogram for ny tilgroing

·         Plan for rydding langs vassdraget

·         Tiltaksplan fiskeforvaltning ferdig og godkjend

·         Stifting av aksjeselskap: Ekso Villfisk AS

·         Nytt fiskeanlegg

  • Beinhelleren Pumpe

·         Straumforsyninga i Eksingedalen

·         Mobildekninga i heile Eksingedalen

  • Wikipedia
  • FTTH (= fiber to the home)

 

 

Om dei enkelte sakene:

 

Eksingedalsmarknaden

”Handel, aktiviet, mat – og mykje tid til god prat! var slagordet dette året.

”Våt, men triveleg laurdag på Lavik” og  ”gjennombløytte av regn” stod det i lokalavisene. Stadig nye nedbørsrekordar sler til marknadshelga i Eksingedalen. Likevel eit godt besøkt og vel gjennomført arrangement. Fagerdalsløpet opna Marknaden, og elles var nytt av året ein ungdomskonsert hovudsakleg med ungdommar frå Eksingedalen og Eidslandet.  Vaksdal kommune v/ Kultursjefen gav økonomisk støtte til kulturinnslag. Andeløp med andeslepp frå brua var òg populært. Søndag var det få som gjennomførte den planlagte turen til Kvitanosi. Veret vart for grått og vått!

 

Eksingedalen.no

Det har vore nokre mindre endringar i utsjånaden det første året den nye nettsida har vore i bruk. Viktigaste endringa er høve til å leggja ut videoar frå Eksingedalen slik at me får vist fram dalen i levande bilete. Ein del av sidene er oversett til engelsk. Dette arbeidet er det Jon Anders som har gjort. Han vil halda fram til alle viktige sider er oversett.

 

I tillegg til at sida er viktig i forhold til informasjon for dei som bur i Eksingedalen har det vist seg at nyhenda som er lagt ut på sida vert plukka opp og referert i lokalavisene. I politiske saker verkar sida også som ein pådrivar for å få fortgang i saker som er viktige for Eksingedalen.

 

Sida har hatt mange visningar sidan starten. Ein oppdatert kalender og mange nye saker kvar veke er viktig for at statistikken er så bra som den er. Sidan starten (jan 2012) til midten av mars 2013 har det vore vist 98 350 sider. Dette gjev eit snitt på 7 025 sidevisningar kvar månad - og ca 230 kvar dag.

 

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som òg legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne, Håvard, Gunnar).

 

Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet.

 

Rassikring i Trefallstranda

I 2011 vart det lagt fram plan om rassikring i Trefallsstranda. Det var Statens vegvesen som la fram denne planen. Planen gjekk ut på å leggja vegen ut i vatnet på same måte som det er gjort lenger framme. Eksingedalen Bygdaråd kom med innspel på at den nye traseen var kort og burde forlengast fram til «professorhytta» for å unngå alle rasa som vanlegvis kjem ned i vegen. Det var avsett 10,4 millionar til den opphavlege planen. Etter grunnundersøkingar der vegen var planlagt, viste det seg at dei løyvde midlane ikkje var tilstrekkeleg. Planen vart då endra slik at vegen vart forlenga til «professorhytta» og vidare rett fram i neste sving også.

 

Status no er at planen er finansiert og midlane er løyvd i 2013/2014. Det er usikkert om det vert anleggsstart i 2013 då det er behov for ytterlegare grunnundersøkingar i vatnet.

 

Turstiane våre, stølsvegar og Reitlevegen

Sti- og kartgruppa har desse oppgåvene:

·         Turkart for Eksingedalen

·         Vestlandsprosjektet: ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”

·         Prosjektet ”Vandring i Hordaland”, marknadsføring av 100 turar i Hordaland

·         Organisering av årleg arbeid med rydding og merking

 

Eit turkart som dekkjer området frå Eidsfjorden i vest til Myrkdalen i aust er i arbeid. Kartet skal vera trykt på begge sider, med turkart (1: 50 000) på eine sida og turframlegg / informasjon på baksida. Bygdarådet har kjøpt inn 2 stk GPS-ar til dette arbeidet, og alle turane som er med i idrettslaget sin Støla-trim er registrerte som GPS-spor.

 

Vestlandsprosjektet (”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”) går ut på at turstiar på Vestlandet skal merkast likt og graderast etter vanskegrad. Ein skal følgja ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”. Bygdarådet fekk i 2011 tildelt 25 000 kr og i 2012 tildelt  20 000 kr etter søknad. Denne våren må stiar graderast og nye tavler og skilt vil etter kvart komma på plass.

 

I prosjektet ”Vandring i Hordaland” er turen ”Stølar i Fagerdalen” teke med. Det gjeld runden Haugen - Haugastølen – Lavikstølen- Haugen. ”Vandring i Hordaland” er knytt til turisme og reiseliv, og eit kriterium for å komma med er nettopp merking etter nasjonal standard. Turen er ein av dei 100 turstiane som vert sett på som mest interessante i reiselivssamanheng. Turen er komme med på kart og i felles marknadsføring.

 

Grete, Astrid, Elisabeth, Kåre Magnar, Gunnar, Frøydis, Svein og LivAnne har arbeidd med stiar og kart dette året. Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med å vedlikehalda stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane vert mykje trakka, og har stor verdi for bygda.

 

Bustader og etableringstilskot

Bustader har vore fast årsmøtesak sidan 80-talet. Det var i 2011 lova prosjektering i 2012 og bygging 2013. Ingenting skjedde i 2012. I framlegget til budsjettet for 2013 var bustadane heilt ute, men dei vart teke inn att i budsjettmøtet. Etter vedtaket november 2012 er det no avsett midlar til både prosjektering og bygging i 2013. Då Karin stilte spørsmål i kommunestyremøtet i februar 2013 om status, var svaret at dei så vidt er byrja å sjå på saka og at det vil ta tid.

 

November 2011 kom det spenstige utspel frå ordførar og varaordførar i lokalavisene og BT om tilskot til husbygging. Vedtaket om å løyva pengar vart gjort i desember 2011 i samband med  budsjettet for 2012. Det vart ei langdryg sak for å få plass eit reglement for stimuleringstilskotet. I februar 2013, 14 månader etter vedtaket, var reglementet klart – og Vaksdal kommunestyre vedtok at det skal gjevast eit etableringstilskot til bygging av bustader i Eksingedalen og på Eidslandet: Dei som vil byggja heilårsbustad vil få eit kommunalt stimuleringstilskot på 200.000 kr. Dei som vil kjøpa seg brukt bustad til heilårsbruk, vil få eit tilskot på 10% av kjøpesummen ved kjøp av eksisterande husvære. Maksimalt tilskot for dette vert avgrensa oppover til kr 100 000.

 

Modalsplassane
har det ikkje vore kamp om dette året, då dei er freda til 2015.

 

Samarbeid  mellom bygdelaga og Vaksdal kommune, LivOGLyst

Prosjektet LivOGLyst – ”Folk til bygdene” omfattar bygdene Eksingedalen, Eidslandet, Stamnes og Bergsdalen. Vaksdal kommune er prosjekteigar og Vaksdal Næringsselskap har utarbeidd søknaden. Overordna mål er å snu utviklinga med fråflytting frå utkantsbygdene i Vaksdal, ved å arbeida målretta for tilflytting til bygdene gjennom eit fellesprosjekt for dei fire utkantsbygdene. Totalprosjektet er delt opp i 8 delprosjekt / tiltak.  Karin, Olav og Liv Anne har vore med i prosjektarbeidet så langt.

Det er i februar 2013 tilsett ekstern prosjektleiar som skal gå i gang med kontakt med eigarar som ikkje er busette i bygdene for å formidla ledige hus.

 

Bygdekonferansen 16.juni skulle ver ”kick-off” for prosjektet. ”Kva skal til for at du tek spranget” var innbydinga som gjekk spesielt til kvar enkelt ungdom i alle bygdene – og til alle bygdefolk. Konferansen var eit samarbeidsprosjekt mellom alle bygdene, men vart i stor grad arbeidd med av eksingedølar med hjelp frå Eidslandet og varaordføraren. Målet var å setja fokus på det positive med å bu på bygda – og å sjå framover. Hovudinnleiar var Maria Almli frå Steigen, som i tillegg til å vera eit svært engasjert bygdemenneske er i gang med doktorgrad om livet på bygda. ”Bygda og Fridommen” var tittel på foredraget, og handla mykje om korleis ein kan snakka fram bygda si og at det gjev positiv effekt! Ungdommar frå dei fire bygdelaga var paneldeltakarar, og godt leia av møteleiar Maya samtalte dei om kva som er viktig for at dei og andre ungdommar skal flytta til bygda si. Ein vellukka dagskonferanse, god oppslutnad og positiv inspirasjon. Vaksdal kommune var støtta konferansen økonomisk gjennom LivOGLyst-prosjektet.

 

Uttale om grensejusteringa

Går det som Kommunalministeren vil, vert Inndelingslova endra.  Dette er lova som mellom anna inneheld alle lovparagrafane om grensejustering. Då saka om flytting av Eksingedalen og Eidslandet frå Vaksdal til Modalen kommune enda med avslag i departementet, vart det i same skriv påpeika at lova ikkje kunne nyttast til økonomisk fordeling av framtidige inntekter (store kraftinntekter).

Hausten 2012 vart framlegg til lovendringar sendt på høyring.  I oktober, innanfor fristen; sendte Eksingedalen Bygdaråd uttale til departementet om ein del tekniske og praktiske formuleringar i lov og forskrift.  Elles ga Bygdarådet full støtte til hovudtrekka i lovendringa. Dersom det går etter planen skal lova med ei rekkje endringar opp i Stortinget i år. Dersom den tempoplanen held, vil ny lov ha verknad frå starten av 2014.

 

Opprydding i Ekso i 2012

I tråd med ein samarbeidsplan mellom BKK og Eksingedalen Bygdaråd, vert det arbeidd med å rydda elva etter den sterke tilgroinga som har akselerert det siste tiåret. Arbeidet starta tidleg på hausten 2011 med rydding mellom Flatekval og Lavik, og i tillegg rydding i Bergovatnet.  Dette innebar m.a. klypping av flòtgras, krypsiv og andre plantar.  Tidleg på hausten 2012 vart del to av ryddearbeidet gjennomført. Denne gongen vart det rydda i deler av elva på Flatekval. I tillegg vart det teke ein ny omgang i Bergovatnet. Denne gongen vart området både klypt og fresa. Utstyret vart så flytta til Trefallsvatnet der det også var klypping, men vasstanden i vatnet var for låg til at det var mogeleg å fresa botnen her i 2012.

 

Det som skjer er at gras og tilvekst vert klypt ned til godt ein og ein halv meter under vassflata. Djupare ned gror ikkje vekstane som skjemmer elva, på grunn av mangel på ljos. Deretter vert det same området fresa med ein to meter brei trommel. Då losnar røtene og flyt opp. Dette vert gjort for at det skal gå mange år før problemet med ny tilgroing dukkar opp på nytt.

Områda som er behandla har fått eit skikkeleg løft når det gjeld utsjåande i elv og vatn. Både frå fagfolk, dei som reiser gjennom dalen, dei som bur her, NVE si Miljøavdeling og Fylkesmannen i Hordaland har alle gjeve positive tilbakemeldingar på at resultatet er kjærkome og flott.

Planane for rydding i 2013 er ikkje ferdige. Men det som står på programmet er å gjera ferdig arbeidet i Trefallsvatnet, opna opp Ospesundet mellom Flatekval og Lavik med gravemaskin, og kanskje rydda i Storatjødna på Bergo, også her med gravemaskin.

Det er BKK som dekkjer kostnadene fullt og heilt.

 

Overvakingsprogram for ny tilgroing

På eit møte i Modalen i august 2012 mellom BKK, NVE, Rådgivende Biologer AS, Fylkesmannen og Eksingedalen Bygdaråd sitt tre-manns utval, vart det lagt fram planar for overvakning av ny tilgroing i Ekso. Rådgivende Biologer AS har utarbeidd eit program for korleis det skal haldast auga med ny tilgroing etter den store oppryddinga i elva med Lavik-lonane, Bergovatnet og Trefallsvatnet. Det skal setjast opp om lag ti ”celler” på ein gonger ein meter i elva, og så skal biologane ha årleg kontroll med kor fort tilveksten kjem opp att, kva slags plantar som er mest pågåande og kor fort dei kjem til overflata.

Programmet skal gå over fem år med start i 2013. Metoden som vert brukt har fått full tilslutnad frå NVE og Eksingedalen Bygdaråd – i den grad me har deltaljkompetanse på dette. I utgangspunktet kan ein gissa på at det kan gå sju år mellom kvar ryddeøkt i elva, og at det kanskje for ein del område kan gå lenger tid. Men det er altså dette som den meir vitskaplege delen av kartlegginga skal gje peikepinn om. Det er i alle fall ikkje ønskjeleg for nokon at det skal ryddast oftare enn det som det strengt tatt er behov for, fordi ryddinga uroar biologien i botnen av elva, noko som kanskje ikkje er til beste for fisken på kort sikt. Difor er det viktig med så store intervall som mogeleg mellom kvar opprydding.

 

Plan for rydding langs vassdraget

Det er ikkje fritt fram for den einskilde grunneigar i dalen til å hogga vekk tre, fjerna plantar og arbeida på elvebreidda langs Ekso. Her kjem lover og forskrifter inn når det gjeld å ta vare på kantvegetasjonen som gjev næringsstoff til elva. Sidan Ekso er ein del av eit regulert vassdrag, er det NVE som i realiteten skal følgja med på det som skjer langs vassdraget.

I august 2012 var det felles møte mellom BKK, NVE, Fylkesmannen i Hordaland og Eksingedalen Bygdaråd sitt tre manns utval for sakene som gjeld vassdraget. Vaksdal kommune var også invitert, men hadde ikkje høve til å møta. I møtet tok BKK opp spørsmålet om kor langt inn på land BKK sitt ansvar eller delansvar strekkjer seg når det gjeld kantvegetasjonen langs vassdraget.

På møtet vart det bestemt at Eksingedalen Bygdaråd skal ta initiativet til å få utarbeidd ein plan for korleis det kan ryddast langs elva, på ein slik måte at det vert teke omsyn til kantvegetasjonen sin innverknad på næringstilgangen til fisk og botndyr.

Bygdarådet har etter dette teke kontakt med Aurland Naturverkstad for å få dei til å spela ei vesentleg rolle i utforminga av ein ”kultiveringsplan”. Innan påske i år skal det lagast ei grovskisse over innhaldet i planen. Det er mange som skal involverast før ein plan som dette kan endeleg godkjennast: grunneigarane, Fylkesmannen si Miljøavdeling, Fylkesmannen si Landbruksavdeling og NVE for å nemna dei mest sentrale. Statens Naturoppsyn kan også vera aktuell, på grunn av naturreservatet i Nesheimsvatnet. Dersom ein ikkje støyter på store vanskar, skal det vera mogeleg å få til ein ferdig plan seint på hausten i år.

Aurland Naturverkstad har tidlegare vore engasjert i kulturlandskapsarbeidet i Eksingedalen, gjennom Områdeplanen som vart utarbeidd i 2003.

Det er ikkje fastsett noko klar grense om kva som vert rekna som kantvegetasjon. 15-20 meter frå den vassførande delen av elva kan vera eit utgangspunkt, seier NVE. Om dette er dimensjonen, så vil det seia at det er snakk om strekninga mellom elva og vegen i store delar av dalen der veg og elv ligg tett.

Korleis den endelege planen vert, er det for tidleg å seia noko om. Men det som er målet er at elva skal verta meir synleg der det er naturleg og ønskjeleg. Dette er ikkje berre  grunn-eigarane si oppgåve, men eit arbeid som skal skje etter ein plan som har ei omfattande godkjenningsrekkje hjå det offentlege.

Fylkesmannen gav i fjor tilskot til arbeidet med å rydda ved Fossfossen og Storeglupen, mellom Fosse og vegen opp til Yksendalen. Dette vart kalla eit pilotprosjekt, og kan vera med å danna grunnlaget og gje kunnskap for vidare arbeid.

Bygdarådet vil vera sterkt involvert i planarbeidet. Eksingedalen Grunneigarlag fekk like før årsskiftet orientering om planarbeidet som kjem, og Olav Nese vil vera ein representant derifrå i den lokale arbeidsgruppa.

 

Tiltaksplan fiskeforvaltning ferdig og godkjend

Våren 2012 fekk Eksingedalen Bygdaråd utarbeidd ein tiltaksplan for fiskeforvaltninga i Eksingedalsvassdraget. Den førre planen vart laga i 2003 av Tore Wiers, Universitetet i Bergen. Den nye planen for 2012 er meir geografisk omfattande, og gjeld heile vassdraget, inkludert magasin og fjellvatn. Også denne gongen er det Tore Wiers som har stått som fagleg ansvarleg.

Frå 2010 vart det endringar i forvaltningslova, noko som mellom anna førte til at ansvaret for fisk, fiskekultivering og fisking i eit vassdrag som Ekso, ovanfor laksedelen, vart overført frå Fylkesmannen til fylkeskommunen. Etter det me kjenner til var Eksingedalen først ute i landet med ein forvaltningsplan tilpassa den nye lovendringa.

10. august 2012 kom godkjenninga frå Hordaland Fylkeskommune, kort og kontant, i brevs form: ”Hordaland fylkeskommune er av den oppfatninga at ”Tiltaksplan for Eksingedalsvassdraget” til fulle dekkjer dei krava som vert stilt for godkjenning av plan”.

Fiskeforvaltningsplan vart presentert på møte i Bygdarådet i november 2012, og er sendt ut til dei to grunneigarlaga i dalen til informasjon og eventuell kommentar. Det er ikkje registrert noko form for innvending mot planen.

BKK er ein vesentleg bidragsytar til utarbeiding av planen. Planen er koordinert med pliktene BKK kan få når det gjeld tiltak for fiskeforvaltninga, og er framtidsretta

 

Stifting av aksjeselskap: Ekso Villfisk AS

Fisket og fiskeforvaltninga i Ekso har hatt ei fin utvikling det siste tiåret, mest takka vera eigarane bak Ekso Villfisk DA, Rune Nesheim og Bjarne Lavik. For å utvikla både fisket og fiskeforvaltninga vidare, trengs det profesjonell drift, breiast mogeleg tilslutnad, nytt fôringsanlegg  for fisken og utvida geografisk satsing  i større delar av vassdraget. Dette er bakgrunnen for at Bygdarådet har hatt drøftingar med BKK om økonomisk deltaking i både bygging av nytt anlegg og framtidig drift. I november presenterte Bygdarådet saman med Ekso Villfisk DA, skisse til danning av eit nytt aksjeselskap, Ekso Villfisk AS.  Dei som er inviterte til å delta i stiftinga av aksjeselskapet er forutan Rune Nesheim, Bjarne Lavik og Bygdarådet, også Øvre Eksingedalen Grunneigarlag og Eksingedalen Grunneigarlag, alle med eigarpart på 20 prosent kvar. Første møte i interimsstyret for danning av aksjeselskapet vart halde 3. mars 2013. Det er venta at den formelle stiftinga aksjeselskap vil skje i april 2013. Dei som er med i interimsstyret er: Rune Nesheim, Bjarne Lavik, Geir Over Carlsen (EG), Svein Tollefsen (ØEG) og Gunnar Hatland (Bygdarådet).

 

Nytt fiskeanlegg

For at fiskekultiveringa skal halda fram i elva – og kunna utvidast, må Ekso Villfisk AS sitt noverande anlegget i Sødalen fornyast. Eit nytt og komplett anlegg vil kosta rundt 6 millionar kroner. Bygdarådet har fått utarbeidd skisser til nybygg på vel 200 kvadratmeter, Ekso Villfisk DA har henta inn tekniske spesifikasjonar på nytt anlegg med seks fôringskar, og fått godkjenning hjå Mattilsynet for opplegget.

Det vert no arbeidd med finansiering av prosjektet. Utgangspunktet er at kapitalen som no er klar er tett oppunder 4 millionar kroner. Når fullfinansieringa er i orden, og aksjeselskapet etablert, er det godt håp om byggjestart i år.

 

Beinhelleren Pumpe

I 2011 la BKK fram planar om omfattande utbygging av Beinhelleren Pumpe. Her skulle ein overføra vatn som låg nedanfor Askjelldalen og ned heilt til Fjellanger. Vatn skulle samlast i Beinhelleren og pumpast inn på krafttunnelen til Evanger. Dette ville gje 78 GWh (78 millionar kilowatt-timar). Undervegs i planlegginga er prosjektet betydeleg redusert. Produksjonen er no justert ned til det halve og alle planar om overføring frå Fjellanger er droppa. Bygdarådet sitt 5-mannsutval har fått orientering om planane tidleg i mars 2013. Konsesjonssøknaden er enno ikkje ferdig. Konsekvensutgreiinga for dei ulike alternativa er heller ikkje offentlege. Først når BKK sender sender konsesjonssøknaden over påske kan me vera sikre på kva kraftselskapet vil gå inn for.

 

Straumforsyninga i Eksingedalen

Straumforsyninga til Eksingedalen er delt i to uavhengige forsyningsliner. Nedste del av dalen vert forsynt frå koplingsstasjonen på Myster. Dette gjeld til og med butikken på Lavik. Frå og med Vetlestølen og heilt til Gullbrå og Askjelldalen får dalen straumforsyninga frå Evanger over Brekkhus-linja.

Det er denne siste linja har det vore mange feil på, og har gjeve langvarige straumbrot i desember og januar i to vintrar no. Feil har serleg vore knytt til problem på linja frå Trefall til Norddalen/Askjelldalen, og på linja som går frå Vegaskiftet og opp til Fagerdalen, Haugen, Fjellanger og Yksendalen. Feil på ei av desse to linene har slått ut heile straumforsyninga frå Vetlestølen til Gullbrå.

Det er ei eiga forskrift som fastset kvalitetskrava som gjeld straumforsyninga. Bygdarådet har, med bakgrunn i forskrifta , hatt eit drøftingsmøte med BKK Nett AS. Arbeidsutvalet i Bygdarådet valde eit tremannsutval med Magnar Nese, Kåre Magnar Trefall og Gunnar Hatland til å arbeide vidare med saka. Møtet med BKK Nett AS vart halde 26. februar i Yksendalen. Etter  dette møtet vil BKK no ta opp saka og gjera følgjande tiltak:

·         Setja opp ein automatisk brytar ved Trefall på lina som går til Norddalen/Askjelldalen, slik at feil i Norddalen ikkje forplantar seg til heile Eksingedalen.

·         Få opp standarden på lina til Fagerdalen. Tilstanden på denne lina skal no kartleggjast i detalj, og så vil det koma avgjerd om det vert reparasjonar eller ei heilt ny line.

Summen av desse tiltaka vil ha svært mykje å seia for straumforsyninga i dalen, og me kan nok rekne med at straumbrota både i lengde og mengde vert meir enn halverte.

 

Mobilutbygginga

Halve Eksingedalen er framleis utan mobildekning. Sommaren 2011 fekk Vaksdal kommune tildelt 4,7 millionar statlege kroner til utbygging til full dekning, og Vaksdal kommune vedtok i oktober 2011 at dei ville stilla opp med rundt to millionar kroner. Det meste av pengane gjeld Eksingedalen, medan ein mindre del gjeld dekning i del av Stamnes-området.

Sidan finansieringa kom på plass i 2011, har saka om mobildekning i Eksingedalen stått i stampe.  Saka har vore lagt ut på den offisielle anbodsnettstaden Doffin.no (m.a. nettstad for offentlege innkjøp) fleire gonger, utan nokon form for respons frå interesserte.  I tillegg har Vaksdal kommune prøvd å få til eit samarbeid mellom Radøy, Masfjorden og Vaksdal, i håp om å stå sterkare saman mot ein gigant som Telenor. Det har heller ikkje gjeve resultat.

Eksingedalen Bygdaråd har det siste året fleire gonger vendt seg til Vaksdal kommune for å følgje opp saka. Det som er forholdet i saka er no: Masfjorden kommune har fått til spleiseprosjekt med Telenor om utbygging, Radøy kommune er ikkje nøgd med Telenor og har no planar om å forhandla med Netcom – om dei er interessert.  Vaksdal kommune har ikkje kome seg i forhandlingsposisjon med Telenor enno, men det vert planlagt eit drøftingsmøte mellom kommunen og Telenor like over påske.  30. juni vert dei 4,7 millionane trekt inn att til Staten, dersom ikkje utbygging eller intensjonsavtale reddar pengane på målstreken.

 

Spørsmålet Bygdarådet no følgjer opp er om det i ein innspurt frå i dag og fram til 30.juni er mogeleg å redda prosjektet om mobilutbygging i Eksingedalen før pengane går inn att i statskassa.

 

Wikipedia

Det er arbeidd med å få lagt ut omfattande og oppdatert omtale om Eksingedalen på Wikipedia. Manus med bilete er klart. Meir orientering om dette på årsmøtet

 

FTTH (= fiber to the home)

Noko arbeid er gjort i høve til å orientering om kva som skal til for å få dette til. Dette vert teke opp til orientering og drøfting på årsmøtet.

 

****

To familiar er ynskte velkomne til Eksingedalen dette året: Evelyn og Kjetil med nytt hus på Gullbrå, og Kjersti med familie på Vetlejord. Dette vart markert på førjulstreff i Ljosheim i desember med helsing og ei korg med blomar og andre godsaker frå Bygdarådet.

 

 Særleg kjekt er det og med Bjarne si utmerking og ”Gullkroken” i november. God reklame for dalen, stor innsats av Bjarne og Rune gjennom Ekso Villfisk.  Bygdarådet gratulerer og markerte også dette med ei gåve.

****

 

Mange arbeidstimar er utført for Bygdarådet dette året også!

Nokre oppgåver enkle å løysa, andre svært arbeidskrevjande og årelange…….

Ein ting er sikkert, målretta innsats gjev resultat og meining med alle arbeidstimane.

Takk for innsatsen og for alt framtidsretta arbeid for Eksingedalen!

 

 

Eksingedalen mars 2013,

Gunnar Hatland, Olav Gullbrå, Svein Tollefsen, Liv Anne Bergo