Litt meir tolmod må til

Av Frøydis tor 18.05.2017 - 19:00
Vegen skal bli ferdig asfaltert til 25. august, melder Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen

I mail frå Statens vegvesen får me opplyst: 

"Status for anlegget på Trefallstranda: Me er no godt i gang med resten av anleggsarbeidet:  Transport av stein frå Sødalstippen, legging av forsterkningslag, fjellsikring, stikkrenner, opprydding mm.

Arbeid med sortering av stein i Sødalstippen tek noko lengre tid enn planlagt. Me må sortere ut finstoffet i steinen for at den skal ha god nok kvalitet. Me vert difor ikkje ferdige til ferien. Det siste asfaltlaget skal leggjast i veke 34, og 25. august skal alt arbeid vera sluttført. Utanom anlegget på Trefallstranda kjem me til å leggja litt asfalt på dei verste partia mellom Trefall og Gullbrå, truleg og på nokre punkt nedanfor Brakestad.

Me reknar ikkje med at det attståande arbeidet skal vera til særleg hinder for trafikken, med unnatak av korte stopp. Det er ikkje planlagt lengre stengingar. Det vert ein god del steintransport frå Gullbrå til Trefall no framover, ca 14 dagar. Entreprenøren skal ha fellesferie dei 3 siste vekene i juli, så då vert det ingen aktivitet." 

 

Utbetring av vegdekke elles i dalen

På telefon fortel Aldal at det går ut anbod i desse dagar på arbeid med å leggje lag med fermentert pukk i område der stikkrenner er skifta ut.  Det er planlagt at dette arbeidet blir starta i september.