
Dag Otto tok seg tid til fotografering- til glede for fleire
Det var planlagt for folkefest - og folkefest var det - trass nokre dråpar frå himmelen. Sykkeltur ned dalen, Sporty ungdomsskule-elevar som stilte med kafè til inntekt for skuletur i 10.ande, og dalen si toradargruppe sytte for musikk. God stemning og mykje folk! Og når både politiet, sikringsvaktar og dei frammøtte smilte, vinka og jubla, blei ikkje ventetida lang i duskregnet ved tunnelopninga.

Musikken svikta ikkje - sjølv om dei ikkje fekk lov å spele inni tunnelen

Dei fyrste som kom syklande ned dalen - seinare kom der mange fleire, både frå Eksingedalen og frå Voss. Voss sykkelklubb sykla like godt vidare etter proffsyklistane.

Komiteen er klar - no ventar berre folket Foto: F Gullbrå

Endå ei stund å venta, spenninga stig. Stadig trur ein at dei nærmar seg...

Endeleg - der kjem ryttarane! Og plutseleg var dei forbi! Foto: F Gullbrå

Og saman med fleire fekk Solfrid seg ein svingom også, med sjølvaste Dag Otto! Foto:S.Nese