Nydeleg onsdagskveld på stølstur

Av Liv Anne tor 13.08.2020 - 22:12
Lange skuggar mot Gullbråholmen. Og ein feit mygg på linsa.

Turgruppa starta haustsesongen med onsdagsturar denne veka. Ein fin og sommarleg start, til Gullbråholmen og Trefallstølen. Framover vert det tur kvar onsdag til midt i september. 

Fjeltrim i godt selskap og nydeleg terreng er å anbefala. Kommande veke går turen frå Vinningsleitet og fram til Njuken over Brekkhus.

Ein stille stopp på veg ned frå Trefallstølen. Med vemod - men også med gode minne om Kåre Magnar.