Møt bygdeutviklingsutvalet!

Av Frøydis ons 19.08.2020 - 22:15

Det nye bygdeutviklingsutvalet i Vaksdal kommune skal ha tur ut i distrikta i kommunen. Kommande tysdag 25.8 vitjar dei Eksingedalen.

Dei startar på Gullbrå ca kl 12.40, og skal elles ha stopp nedover dalen på Nesheim, Yksendalen, Fjellanger og Snarkjøp på Lavik.

Har du tankar om kva dette utvalet kan gjere for vårt område, eller ynskjer du slå av ein prat med desse politikarane, er det berre å møta opp på ein stad dei har stopp.