Fotalaje og eksingedølar på fin fjelltur

Av Liv Anne tor 20.08.2020 - 10:38

Onsdagsturen denne veka vart ei fin oppleving saman med "Fotalaje". Alle møttest ved kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss - og turen gjekk til Njukjen over Brekkhus. 

Den "berømmelege Teigdals-skodda" letta - og turfølgjet fekk både utsikt og solnedgong. 

Turen starta mot Vinningsleitet, og derifrå oppover og forbi stølane på Rapp. Frå Rapp tek det omlag 30 minutt ut til Njukjen. Når ein er kommen opp er terrenget lett å gå i - og utsikta mot Brekkhus,Lien og Teigdalen er fantastisk.

Skodda letta, sol og blå himmel kom fram. Og på veg attende nydeleg solnedgong, hyggeleg prat og god stemning. 

Turgruppa i idrettslaget takkar for følgjet!