Nytt kvinnestyre er klar for innsats

Av Liv Anne fre 23.02.2018 - 10:43
Styret for arbeidsåret: Leiar Haldis, kasserar Britt, styremedlemmar Aud Marit og Annika, skrivar Liv Anne

Kvinne- og familielaget har tradisjon for å ta tak i "praktiske ting i bygda",som pynt i blomekassene utanfor butikken og Ljosheim og støtte til investeringar til dei to grendahusa, Ljosheim og skulen.

Elles er laget viktig for sosiale samankomstar: Strikkekafèar, turar, joleverkstad og medlemsmøte.

Årleg samlar laget inn strikkehuer til nyfødde i Malawi og på Zanzibar, eit hjelpeprosjekt knytt til Helse Vest / Haukeland sjukehus.

 

Laget skipar til tradisjonell basar med både loddbøker og åresal for å skaffa seg inntekter. Og basar vert det i mars, hald av fredag den 16.mars!