Imponerande prosjekt i fjellsida

Av Frøydis tor 27.08.2020 - 22:00

Arbeid med rassikring blir gjort av Norsk Bergsikring AS. Det starta i juni, og er planlagt ferdigstilt innan oktober er slutt. Arbeidarane bur i grendahuset på Ekse – og i fleire leigde hus på Gullbrå. Kvar morgon klokka 07 ser me dei traske opp den bratte lia fram til arbeidsplassen på svaberget.

"Storesvåa" på Gullbrå sett frå vegen. Arbeid i full gang

 Eg har heile sommaren tenkt meg opp til arbeidskarane for å slå av ein prat og ta nokre bilder. I dag vart dagen. Svein vart med, ja han var faktisk den som foreslo turen. Skulle det finnast passe dag og avtalast på førehand – ja då ville det aldri bli. Kanskje sant, det.

Me la i alle fall i veg, og var litt spent på om dei ville synest det var lite kjekt og litt invaderande med folk inn mot arbeidsplassen deira, kanskje.  Stien oppover var no veldig god og oppgått, etter fleire månader med daglege trakk opp og ned lia, og me kom oss lett opp til staden der dei har kvilebu. Utpå Storesvåa står det fleire arbeidarar og jobbar på. Me observerer at alle har hjelm, hørselsvern, munnbind. Overalt på den kjente svåa, er det også kome opp trebruer til å gå på – og tau for sikring. Det er tydeleg at sikkerheit er ivaretatt.

Utsyn mot arbeidet frå kvilebua. Bratt og luftig

Etter ei lita stund, ser me at ein kar har tatt peiling mot vår stad. Då han er komen bort til oss, er spørsmålet; «What can I do for you».  Me pustar letta ut –han er hyggeleg!  Det viser seg at det er Cristian me pratar med. Han ser sprek ut – og er frå Romania. Han har arbeidd i Norge med fjellsikring i over 10 år, og har vore i heile landet – heilt opp til Kirkenes.  Første gong han kom til Eksingedalen, verka vegen veldig lang, og vart smalare og smalare etterkvart som han nærma seg. Han lurte til slutt på kor det skulle ende –og om det kunne bu folk på ein slik øde plass. Svar fekk han – her var då noko folk – om ikkje så mange som i storbyen Brasov i Transylvania/ Romania der han kjem frå. Ein heilt folketom butikk, der du sjølv kan låse deg inn og finne varene du vil ha, er også noko eksotisk for ein mann frå storbyen.

Cristian frå Romania tek seg pause for ein prat med oss

Når me spør om dette er eit spesielt prosjekt, svarer han at det er eit av dei med lengst og tyngst veg for å kome til arbeidet kvar dag. Elles er det nok av middels storleik, i høve andre prosjekt han har delteke på . Det har vore mykje helikopter-transport med ulikt utstyr opp til svaberget- og meir skal det bli. Det er lange strekkjer med nett som skal setjast opp. Ein del utstyr kjem frå Sveits, og det er i desse coronatider litt utfordringar med grensepasseringar etc, som kan gjere at ting tek lengre tid enn planlagt. Han meiner likevel bestemt at dei er i rute. No jobbar dei på for å bli ferdig før frosten kjem.

Utsikt frå toppen - med Gullbrå i dalbotn

Det er ein internasjonal arbeidsstokk oppe i fjellsida. Cristian fortel at det på Gullbrå no arbeider folk frå Litauen, Østerrike, Polen, Romania. Dei vekslar litt på å vere her, sånn cirka 14 dagar arbeid – og 14 dagar fri. Dei er nøye med å halde avstand og oppretthalde karantene om nokon har vore utanlands i friperiodar. Då er det nokså greitt å ha fleire hus å bu i på Gullbrå

Arbeidsdagane er lange, og det meste av fritid går til mat og søvn i vekene. Søndag er fridag. Når det berre blir fint vèr, skal Cristian ut i fjellet og utforske skiterrreng og trasèar for skiturar. Han kan nemleg godt tenkje seg å kome tilbake til vinteren og stå på ski saman med vener.

 

Kvilebua - her er ly for regn om det trengs

Arbeidsdagen nærmer seg no slutten, og også dei andre arbeidarane nærmar seg kvilebua der me står. Alle verkar i godt humør – trass det tunge arbeidet dei har utført i mange timar. «Alt her er tungt – alt arbeid» seier Andreas frå Tyrol.  Me ymtar frampå om at nordmenn kanskje er late, som ikkje orkar slik arbeid. Det er dei ikkje einig i – me er ulike, og likar ulikt arbeid, meiner dei. Snart er dei på veg ned lia til middagen som ventar på Ekse. Den er det den ungarske kokken som står for. Maten er god, meiner Andreas. Dei får servert allsidig mat frå eit internasjonalt kjøkken. Og om kokken har vore i hus og førebudd mat heile dagen? Neidå, han har først tatt si tørn med fjellsikring og arbeidd i berget til kl 15 – han også.

Cristian og Andreas oppsummerer dagens arbeid

Me ruslar litt lengre opp for nokre bilder. Arbeidet ser bra ut – no blir det ikkje meir ras her får me tru. Me er imponert over arbeidsfolka som står oppe i berget dag ut og inn for oss. Me skal nok tola nokre dagar til med godlyd frå boremaskiner og høglydt prat frå spreke og dyktige arbeidsfolk.