Gudsteneste 13.september vert i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2020 - 21:27

Arbeidet med opprusting av fasaden på kyrkja på Flatekval startar etter planen tysdag 8.september. Det er målarfirmaet Monsen i Bergen som fekk anbodet, og dei er klare til å gå i gang no. Dei byrjar med å setje opp stillas slik at dei kan arbeida sjølv om det regnar.

- Fyrst skal dei vaska ned veggane og så skal dei "overflatebehandla veggane". Dette er same firmaet som gjorde arbeidet på kyrkja på Dale, og veggane på den fine steinkyrkja på Flatekval skal takast på same måten, fortel Lars Patterson. 

Førstkommande sundag kan difor Patterson og dei andre i soknerådet i nedre Eksingedalen ynskje velkommen til gudsteneste i Ljosheim. "For fyrste gong i verdssoga!"