Frå Fjelltrim 2020 til 2021

Av Liv Anne ons 07.10.2020 - 10:23
Ekse i haustfargar

Tradisjonen tru vert bøkene i idrettslaget sin Fjelltrim bytt i haustferien. Med ny bok er sesong 2021 i gang, og med det jakta på 12 stølar og tre toppar fordelt i fjella i heile Eksingedalen. Nedst i dalen er Eikefetstølen - og lengst vekke er Kvitanosi. 

For dei som manglar postar i 2020-bøkene, er det høve til å registrera seg fram til 15.oktober. Meld i tilfelle frå om dette til turgruppa (Liv Anne, AudMarit eller Jomar), med eit bilete av deg sjølv på posten.