Bli sett - bruk refleks - køyr fint!

Av redaktør tor 15.10.2020 - 14:02
Reflekskunst: Edderkoppnett, 1.-6.klasse Eksingedalen skule

I samband med "Refleksdagen" 15.oktober inviterer Trygg Trafikk Vestland til "Refleksjakta 2020". Dei fem elevane i 1.-6.klasse har samla inn alle refleks dei kunne finna heime, og talet vart totalt 160 refleks og refleksvestar. Dette har dei laga kunst av, og leverer bilete til av kunsten til konkurransen til Trygg Trafikk Vestland. Siste del av oppgåva er å ta med refleksane heim att og festa dei på yttertøyet til familiemedlemmane.

Det er mørkt langs vegane i Eksingedalen og lite av veglys - så refleks er ekstra viktig i mørketida! 

 

 

Reflekskunstnarar på "Refleksdagen"
Dei som køyrer bil vert minna på å køyra sakte