3 x HURRA

Av Frøydis tor 15.10.2020 - 23:58
fv: Kawe Guli med Kawin, Jørgen Engdal Bergo med Alma, Lars Bjarte Nesheim med Selmer

I år er det så langt fødd tre born som bur i Eksingedalen. I dag var alle samla på nærbutikken saman med fedrene sine. Dei to eldste, Selmer og Alma var begge fødd i mai, og ser allereieut til å vere veldig nysgjerrig på jamaldringane. Kawin som er fødd i august observerer dei andre med meir ro, men kjem garantert etter berre ho blir litt eldre. Det er no mange år sidan det har blitt fødd 3 babyar same året i dalen her. Dette er særs gledeleg, og me håpar dei vil få ein trygg og god oppvekst her. Kanskje kan der også bli barnehage for desse i dalen på sikt? Selmer er nummer 5 i si søskenrekke, medan både Kawin og Alma er første barn i sine familiar. Kanskje kan det også kome fleire sysken hjå dei - det vil tida vise. Uansett er alle nye eksingedøler særs velkomne. 

Kven er du, mon tru?