Konsert med direktesending på nett

Av Frøydis fre 23.10.2020 - 22:04

31.oktober prøver me noko heilt nytt i Eksingedalen - direktesendt konsert! 

Her er youtube-link til sendinga: Kely Mandresy konsert . 

Kyrkja på Nesheim er nokså lita, og korona-restriksjonar fører til enno færre plassar for konsert-tilhøyrarar. Me har nokre billettar til kyrkja - og no er dei aller fleste selde. For at alle som ynskjer skal få med seg konserten, vil me difor også sende det heile direkte på nettet. Med oss for å ordne det tekniske, har me fått Nese Media med Lars Ørjan Nese. Han kan dette - og me trur det blir ei bra oppleving for alle. 

Konserten vil då bli vist direkte, og sendinga startar litt før kl 19.30 laurdag 31.oktober. Du vil finne sendinga ved å gå på youtube( sjå over) eller på facebook-side til skulen Kely Mandresy (søk på Kely Mandresy).

Konserten er til inntekt for barneskulen på Madagaskar. Det vil også bli gitt informasjon om skulen under konserten. 

Lokale krefter har sett saman eit variert program. Tom Jarle Istad Kristiansen, musikar og leiar for Vossagospel, blir med oss på piano og vokal. Det blir song, toradar, piano med meir. Her skulle vere noko for ein kvar smak.

Førebels konsertprogram: ( hovudartist hjå oss i parantes):

  • Ingen er så trygg i fare ( Hanna Gullbrå)
  • Jeg er elsket ( Signe og Heidi Nesheim)
  • Above all ( Hanna Gullbrå)
  • Som barn i ditt hus ( Magnar Nese)
  • Ka e du redd for ( Hanna Gullbrå / Svein Tollefsen)
  • Kletten - toradar ( Evelyn Gullbrå, Hanna Gullbrå, Svein Tollefsen)
  • Han er min sang og min glede (Evelyn Gullbrå, Hanna Gullbrå, Svein Tollefsen)
  • Precious Lord (Tom Jarle Istad Kristiansen)
  • The Blessing (Hanna Gullbrå)

Dette vil garantert bli bra laurdags-underhaldning. Klikk deg inn og bli med, saman med oss!

Snart klare for konsert, fv: Magnar Nese, Svein Tollefsen, Hanna Gullbrå, Evelyn Gullbrå