Med full fart framover!

Av Liv Anne fre 06.04.2018 - 18:20
Hege og katten Tia tek vel imot kundane.

Hege har laga koseleg kaffikrok, rett innom døra. Her er det heimekoseleg med kaffi og ofte noko attåt. Rundt bordet er det stolar til 7-8 personar. Ofte er det heilt fullt i kroken. ”Stamgjestar skal ha sine eigne koppar her”, seier Hege. Først laga ho kopp med namn på. Men, dei heldt ikkje så godt. Så no oppmodar ho dei som er her ofte til å ta med seg sin eigen kopp. ”Så må dei drikka kaffi så ofte at det ikkje vert støv på koppen”, smiler ho lurt! I kaffikroken er det bokhyller, her kan folk lesa eller låna med seg bøker.

Ved bordet denne torsdagsettermiddagen sit Jomar og Bjarne.  Jomar er erklært stamgjest. Så sant han har tid, så stikk han innom. Når han jobbar på saga er det kort veg bortom for å eta lunsj.
- Og har eg ikkje noko anna å gjera ein dag, så går eg meg ein tur oppom, seier han.
- Her har ein sjanse til å treffa folk, heilt uforpliktande og utan avtale. Her får me òg vita nytt, både gode og mindre positive ting. Butikken er ein viktig samlingsplass for folka her! Me treffest!
 

Ro - og god tid! Det skal ein ha i kaffikroken. Hege har tid å setja seg litt ned saman med Bjarne og Jomar.

 

Bjarne er eining. Også han er stamgjest, og ein nyttig hjelpar for Hege. Dessutan trivs også han godt i kaffikroken, til uformell prat med både bygdafolk og tilfeldige butikkgjester.
- Kvar vert det forresten av mjølka?
Bjarne og Hege undrar seg. Mor Liv Edith stikk innom, på veg heim. Også ho lurar på kva det vert av mjølka:
- Me får håpa at han Hallvard har den med seg, han var på veg til Eidslandet med bussen no.

 

Høgdepunkta dette året?
- Juleopninga! Med bål og musikk ute, tenning av lysa. Å, det var koseleg! Seier Hege.
- Og så har påska vore veldig kjekk no. Det er gøy med mykje folk. Eg har prøvd med stand i butikken, Annika har selt klede og Pøylo har vore med kortreist mat. Masse folk og god stemning, det likar eg. Og god handel, sjølvsagt! Eg vil gjerne selja lokale varer, dei som har noko å selja må gjerne gjera det her.

-Bygdefolket er flinke til å støtta butikken. Eg prøve å skaffa det folk vil ha, og eg set stor pris på tilbakemeldingar om ynskje eller om ting som ikkje er bra. Mange er flinke til å seia frå, og det er slik eg kan bli betre. Eg jobbar med rutinar. Skriv lister over kva varer eg bestiller til jul og påske – og kor mykje eg sel.  Alt må planleggjast i god tid. Dravle til 17.mai, for eksempel, det bestilte eg i januar, for å vera sikker på å få tak i. Det er vanskeleg å berekna kor mykje som trengs.  Eg likar godt når folk bestiller dersom dei skal ha mykje rømme, biff sånn ei vanleg helg – eller reker av bestemt storleik. Så gjer eg så godt eg kan, og håpar det blir betre og betre! Seier ei blid Hege.

Svein kjem innom. Han handlar på veg heim frå jobb. ”Han er det eg kallar profesjonell kunde”, seier Hege, ”han er effektiv, rett på sak og veit akkurat kva han skal ha.”

- Er det Snarkjøp, så er det Snarkjøp! Parerer Svein!


- Har du kaffi, med fløyte? Spør Asle, dyrlegen.


- Kaffi med fløyte og energidrikk, det er viktig for dyrelegen, legg han til. Trivleg å kunna stoppa her.

 

 

Profesjonelle er dei begge to, både kunden og butikksjefen.

Jau, det første åre har vore travelt, men kjekt! Ferie? Nei det har eg ikkje hatt anna enn når eg var sjuk og så har eg vore på kurs. Så no ser eg fram til ei veke ferie i mai. Og då tek folk i bygda over butikken! Det er eg veldig glad for!

 

Utfordringar?
-Det kan vera vanskeleg å skaffa alt eg vil, men eg prøver. Men det er utfordrande dersom eg må kjøpa større kvanta av ei vare med kort dato. Det kan eg ikkje alltid gjera. 
Så er det det med leveringsdagar. Viss  eg må bestilla mange dagar i førevegen av levering, så veit eg ikkje kva eg har att om laurdagen – og risikerer å sitja att med for mykje eller ha for lite varer den kommande veka.  At folk handlar andre stader det eg ikkje greier skaffa, er heilt greitt.  Så håpar eg at dei handlar det dei kan hjå meg. Stort sett er folk flinke til det!
Transport hit er òg ei utfordring, det er få dagar eg kan få varer. Men stort sett går det bra!
 

 

Og der kom Hallvard med mjølka! Ute på lageret har Liv Edith svinga seg rundt: Mjølka er komme på kjølen, og lageret er ryddig og oversiktleg. Det ordna seg med mjølka i dag òg! Familiestøtte og god hjelp betyr mykje for Hege.

 

Lagersjefen er god å ha!

Framtida?
Året har vore godt! Men no er BKK-tida over, så det er spennande kva utslag det vil gje. BKK har vore god kunde dette året, med brakkerigg i Beinhelleren og lokal handel. No er dei ferdige med arbeidet dei har gjort med demningene. Eg er litt spent no når eg misser dei.  
Eg ser positivt på framtida. Og eg treng alt av folk som handlar her. Bygdafolket, hyttefolket, turistane som stoppar opp. Fiskarane! Fiskarane er veldig positive, både det at dei handlar og at dei stikk innom. For meg er det stor trivsel når fiskarane kjem – dei gjev så tydeleg uttrykk for at dei  set pris på fisket, elva og dalen vår.

At den vesle butikken på Lavik er viktig for Eksingedalen, er det ingen tvil om.

For butikken og Hege er mykje meir enn ein daglegvarehandel.
Den er av stor sosial verdi – og fungerer som turistinformasjon og gjev positivitet i bygda!