Kvitanosi

Av Liv Anne søn 15.04.2018 - 21:10
Kvitanosi, 1433 moh. Høgaste fjellet i Stølsheimen.

Turen kunne i dag vore slutt før den starta. For Frøydis, som frontar bygda når den er ramma av ras, var saman med resten av Øvre Eksingedalen innestengde av ras tidleg i føremiddag. Snarrådig arrangementskomité ordna løyve til lokal brøyting, og bonden Magnar vart dagens helt! Han sleppte fjøsmåka, heiv seg i traktoren og brøyta opp. Massey Ferguson med frontlastar virka godt i dag, og bilar i kø kunne køyra vidare til Gullbrå. Kvitanosi rakk han også!  

 

Glade, blide folk i lang, lang rekkje. Mange for aller første gong på Kvitanosi, andre med tresifra tal turar i beina. Trivelege pausar - og prat med kjente og ukjente. 

Lett før oppover i dag.
Lokalkjent veit kvar det er lurt å ha pause!
Turleiarane kom seint, men godt! May Britt og Frøydis på toppen
Bursdagsdama! Song og gåver på toppen!

Vel nede på Gullbrå selde 9.klasse nydeleg betasuppe, kaker og kaffi i tunet.
 

Ein strålande dag på alle vis!