Digital gudsteneste på søndag.

Av Magnar ons 04.11.2020 - 14:48

Det blir altså laga ei digital gudsteneste i staden for den som skulle ha vore i kyrkja på Nesheim søndag 8. november. Det er dei nye smittevernreglane som Bergen og nabokommunane har innført som er grunnen til dette. Sokneprest Edvard Bø vil vere ansvarleg for gudstenesta.

Her er link til gudstenesta. https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/vaksdal/nettgudstenester/gudstjeneste%208.%20november/

Offeret denne søndagen er til "Kyrkjemusikalsk arbeid" i Nesheim sokn. Soknerådet har som mål å tilby gode konsertar og musikkopplevingar til eksingedølane. For å få dette til trengs det pengar for å spe på det som kjem inn i billettintekter. Slik kan rådet betala honorar til kor/musikarar.

Sjølv om gudstenesta vert digital er det råd å vera med og støtta dette arbeidet. Bruk Vipps til 548798 eller bank til konto 3480.17.45697