Aktivt lag med rause gåver

Av Liv Anne søn 08.11.2020 - 21:26

For omlag eitt år sidan hadde Kvinne- og Familielaget bokslepp av «Bygdebakst og Gommorgraut». Boka fekk stor merksemd og salet gav laget overskot. Dette overskotet delte dei ut av på årsmøtet sitt i februar 2020. Heile 40 000 gjekk til golvet i Ljosheim, og var ei god hjelp til at det gamle golvet kunne bytast ut i vår. Og sidan det har vore lite av sosiale aktivitetar i Eksingedalen dette året, var det mange som no fekk sjå det nye golvet for første gong. Såleis passa det ekstra godt med eit medlemsmøte her i Storesalen i Ljosheim! 

Årsmøtet løyvde også kr 75 000 til å kjøpa inn tre hjartestartarar til bygda - og i til å oppgradera leikeplassen ved skulen. Omkring desse to prosjekta er det etablert godt samarbeid med idrettslaget, og arbeidet er godt i gang. I tillegg til dei to laga, er elevar og foreldre også med i arbeidsgruppe omkring planar for leikeplassen. Målet er nye apparat på plass våren 2021.

 

Frå bokprosjekt til nytt arbeidsområde for laget

No går damene i gang med nytt prosjekt: Å få fram og i bruk hovudplagga til bunad. Difor var Astrid Steinstø frå Bunad og Kleloftet på Voss invitert til å fortelja om hovudplagg og bunad. Astrid ivrar for å få hovudplagga fram og på. Ho snakka også fram mangfaldet i bunadsverda, og oppmoda folk om å bruka det ein har av gammalt og kombinera med nytt. Ho trekte også hitoriske linjer - og viste bilete til inspirasjon. 

 

 

Ei lokal samling huer og skaut.

For Vossabunaden er det to skaut som høyrer til konebunaden. Det et eit svartsaumskaut, koneskautet, til festbunaden og kvitnadsduk til vinterbunaden. Det er nok fleire skaut i skuffer og skåp i Eksingedalen som ikkje har vore framme på ei stund. Nokre av desse var teke med til Ljosheim denne kvelden, og mønstra var ulike. 

Eit mål for fleire av damene er no å få sett opp skautet og få det i bruk. Her må meir ekspertise til, så eit skautekurs håpar ein få til utpå vårparten. Og når skauta er klare til bruk att vert det nok skautafest. 

- Det er svært få som kan setja opp, seier Astrid. Så det gjeld å komma i gang att!

Britt Eide og Aud Marit Brønstad Bergo med hovudplagg etter "ho Gommor". Svart konehue og koneskaut.

At nokon går med dei svarte konehuene er vel meir tvilsamt. Desse vart brukt til kyrkjekleda og ved ulike høgtideleg samkome. Eit bilete av ei smilande kone i "svartahua" er det ikkje så mange av. 

Fire lokale koner med konehuer og koneskaut og Astrid frå Voss med kvitnadsduken. I høve denne kvelden hadde Astrid sydd seg munnbind med mønster frå skautet.

Anna Bergo vil prøva å gå i skaut. Ho har arva skautet til Gommor (farmora si). Her må nok justeringar til, og så må bunaden får konebord også. For slik er det, det skal syna at ein er kone. 

– Det er stas å få arva slike ting, seier Anna. Og det er tøft med skaut! 

Astrid justerer vidde og prøver få skautet på.

Det er ikkje mange som syr nye skaut for tida. Astrid hadde faktisk berre møtt ei dame tidlegare, og ho var over 80 år. Frøydis Gullbrå vil gå i skaut, ho har difor sett i gang med å sy sitt eige. Og skautasaumen er av dei aller minste krosstinga ein kan tenkja seg, så her ventar mykje godt arbeid i vinter! 

Handarbeidsdama Veslemøy Bergo likar fint handarbeid, og godkjenner absolutt Frøydis sitt arbeid. Skauta til Vossabunaden, derimot, syns ho ikkje nok særleg om. -Men handarbeidet likar eg, smiler Veslemøy.