Årets eksingedøl?

Av Frøydis ons 18.04.2018 - 11:16

På årsmøte i bygdarådet no i april vart det konkludert med at det er på tide å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen. Det blir difor oppretta ein hederspris, "Årets eksingedøl" for ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har foregått over fleire år. Prisen er ein vandrepremie som blir utdelt 17.mai. 

Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat? Send ditt framlegg med grunngjeving på mail til frogull@online.no eller i posten: Frøydis Gullbrå, Eksingedalsvn 3511, 5728 Eidslandet.