Håpar alt går i dass.

Av Magnar man 23.04.2018 - 16:23

Årsmøte i Eksingedalen valde ei arbeidsgruppe som skal undersøkje sjansen for å få til eit offentleg toalett i Eksingedalen, gjerne i nærleiken av butikken på Lavik. Dette vil gjere tilsyn og reinhald lettare å gjennomføra. Arbeidsgruppa er interressert i å få innspel på kva løysingar som er aktuelle, og tek gjerne imot hjelp i planleggingsarbeidet. 

Det er naturleg å henvenda seg til Statens Vegvesen for regelverk, men det trengs også kreative idèar for korleis dette kan gjennomførast. Tips kan sendast til leiar Frøydis Gullbrå som formidlar kontakt til arbeidsgruppa.