Vaksdal Turlag inviterer til turar i alle bygdene

Av Liv Anne man 30.04.2018 - 09:21
Fyret på Stangehelle. Foto: Elizabeth Gjessing

Jomfrutur på Stanghelle, 1.mai kl 15.00

Oppmøte ved ballbana på Stanghelle Vest. Turen går herifrå opp på Åsen, vidare til Stutto, til postkassa under Smørstakken, forbi "Fjordspennet" og ut til Fyret via Follavika. Derifrå tilbake forbi Agnavika.
Turen tek omlag 2,5 - 3 timar. Ein nydeleg tur på gode stiar i variert skogsterreng.
Ved Fyret vert dei ei kort markering av skipinga av Vaksdal Turlag.
Vi oppmodar alle om å ta med seg eit norsk flagg på turen!
 

Kommande turar for Turlaget er:


1.mai: Jomfrutur på Stanghelle

21.mai: Høgt over Vaksdal

17.juni: Til støls i Eksingedalen

9.september: Dale - Helle

August: Straumsstølen

30. september: Bukkane i Bergsdalen

 

Sjå  https://vt.dnt.no/  for meir informasjon