Skuleforsking: Prøvefiske i Trefallsvatnet og Bergovatnet

Av Liv Anne tor 26.11.2020 - 11:53

I haust har elevane ved Eksingedalen skule forska på fisk. Det heile starta med eit ynskje om å fiska i valfaget "Friluftsliv" som ungdomsskuleelevane har. Dei drog på fisketur til Bergovatnet.  Der dukka det opp nok uventa: Mange av fiskane hadde parasittar. 

- Kva var dette?  - Er det farleg å eta fisken?  - Kva vil skje med fisken?

Skulen tok kontakt med fiskeekspert Sveinung Klyve frå Vestland Fylkeskommune for å få svar. Sveinung Klyve vart med ein gong interessert og ville låna ut forskingsgarn for prøvefiske og seg sjølv til ein skuledag i Eksingedalen.  Slik kom prøvefisket i gang.

Ungdomsskuleelevane var med og sette ut garn i Trefallsvatnet og Bergovatnet 7. september. Garna stod ute natta over, to prøvefiskegarn og eit "vanleg" fiskegarn i kvart vatn. Dei same elevane tok opp garna, og alt vart teke med til skulen for nærare undersøkingar. Alle elevane på skulen var med på arbeidet, både med å ta fisken ut av garna, sløya, måla vekt og lengde, bestemma kjønn og registrera kvar einaste fisk i eit skjema. 

 

I etterkant er tala analysert og laga statistikk av. Fisken sin kondisjonsfaktor vart rekna ut, og den har auka litt i begge vatna. Det er eit godt teikn. Alt er samla i ein rapport.

Den største enndringa frå sist gong det vart gjort undersøkingar i desse vatna, er parasittane. Parasitten rundorm fann ein ikkje tidlegare, den var i dette prøvefisket i 30 - 50 % av fisken. Denne parasitten er ufarleg for menneske når fisken vert frose, kokt eller steikt. Dersom ein sløyer fisken kort tid etter at den vert fanga, vil ikkje rundormen vandra inn i kjøtet til fisken, men ligg i innvollane og er lett å fjerna. Slik var det med den fisken som vart sløya i klasserommet. 

Rapporten kan ein lesa ved å følgja denne lekkja: https://drive.google.com/file/d/1sByp2dH812zDYPwpAXLgVJRKtlkMnoq-/view?usp=sharing

 

I konklusjonen står dette: 

Som tala har vist så har fisken i Trefallsvatnet og Bergovatnet blitt større dei siste 25 åra, noko som kan vera ei positiv utvikling for bruken av fisken til mat. Kondisjonen til fisken har òg gått opp, noko som betyr at fisken har god tilgang på mat i høve til tal fisk som er i vatnet. 

Me ser frå statistikken at Trefallsvatnet og Bergovatnet er ganske like, slik det har vore i lang tid, men korleis det blir i framtida er det vanskeleg å seia noko om. Fisken er betydeleg større i Trefallsvatnet enn i Bergovatnet, men k-faktoren er som før høgast i Bergovatnet.

Sveinung Klyve har lese rapporten vår, og han seier at dei to vatna er fine fiskevatn som ein bør bruka meir aktivt med garnfiske. Han rår til at fangsten bør registrerast med tal fisk og total vekt, for å ha god kontroll. Sveinung Klyve sine råd for å verta kvitt rundormen, er at ein må fiska meir aktivt med garn for å få ned bestanden. Det er òg svært viktig at ein ikkje må kasta fiskeslo i vatnet eller på land tilgjengeleg for fugl.

Fugl spreier desse parasittane vidare, så me må gjera alt me kan for å unngå dette.