Julekveld på førehand - hjartestartar i pakka

Av Frøydis man 14.12.2020 - 20:40
Anna Bergo, Haldis Øvstedal og Britt Eide i sving med opp-pakking

Eksingedalen Kvinne-og familielag fekk bra med inntekter på den flotte lokale kokeboka som vart utgitt før jul i 2019. Dei bestemte fort at overskotet frå boksalet skulle kome bygda til gode. Laget vart einige om at hjartestartarar til bygda - det måtte me ha. Idrettslaget vart også med for å støtte dette. Etter litt rekognosering og vurderingar, med primus motor Britt Eide i spissen, vart det bestilt tre hjertestartarar til dalen frå dei to laga. Desse startarane blir no plassert på skulen på Bergo, på ungdomshuset Ljosheim på Flatekval - og så har den lokale legen fått ein til å ha i bilen. Bilen står ofte på Gullbrå. I tillegg til desse tre, har det også blitt gjort lokalt innkjøp av hjartestartar i Yksendalen. Det er såleis no bra med tilgjengelege hjartestartarar i området. 

 

Utstyret opp-pakka og funne i orden. Fv: Haldis Øvstedal, Frøydis Gullbrå, Anna Bergo og Britt Eide

Kurs over nyttår

Når nokon opplever at hjartet brått stoppar å fungere, er det avgjerande med rask og god førstehjelp - såkalla hjerte-og lungeredning. Det er også av stor betydning å ha rask tilgong til hjartestartar. 

For at folk i dalen skal kunne hjelpe, og få kjennskap til hjartestartarane som no er innkjøpt, vil det bli arrangert kurs i hjarte-og lungeredning + bruk av hjartestartar på nyåret. 

Me håpar mange vil nytte sjansen til å få opplæring i dette no - og slik kan dei nyinnkjøpte apparata også best mogleg kome til nytte. Om nokon fell om ved sida av deg, er det du som må kunne livreddande førstehjelp. Det er du som kan utgjere ein forskjell. Det er ikkje alltid ein lukkast uansett, men det er alltid godt å vite at ein har gjort det ein kunne.  Meld deg på kurs når sjansen kjem!

 

Hjartestartarane som er innkjøpt er lette å bruke - og har norsk tale som fortel kva du skal gjere