Lagnaden ville det slik

Av Liv Anne ons 23.12.2020 - 10:01
Det er mykje glede med ein kjekk pus.

Bergit Gullbrå er no den eldste eksingedølen som er bufast i Eksingedalen. Ho har passert 91 år, og har budd på garden Ekse sidan 1952, i meir enn 68 år.

-Det var Guds lagnad at eg kom hit, seier Bergit. Eg plar seia at det var bestemt at eg skulle leva livet mitt her, eg har alltid tenkt det slik. Her er eg komme, og her skal eg leva.

Bergit har mykje på hjarta, er rask i replikken og røysta er sterk og bestemt. Ho har gode dagar saman med pusen – og ho strikkar sokk etter sokk. 15 oldebarn har ho, og alle i familien treng labbar. Spesialiteten til Bergit no er roselabbar, men ho strikkar også kraftigare sokkar til arbeidsfolket. Ekstra stas er det med små sokkar i barselspresangar til dei nye oldeborna som kjem til.

Bergit kom til Ekse før vegen kom, før straumen kom og det var eit strevsamt liv dei første åra.


-Korleis eg kom her? Jau, det skal eg seia deg: Med sykkel til Nordfjordeid, båt frå Eid til Bergen, ny båt frå Bergen til Eidslandet, rutebuss så langt vegen var komme opp i Røyrdalen, derifrå til fots.

Veslejenta, Bergit, saman med brør, syskenborn og bestemor i Hornindal

Det var ei anna tid
 

Bergit, fødd 21.08.29, vaks opp på garden Ytterhorn i Hornindal. Ho var einaste jente i syskenflokken og hadde fem brør. Ho måtte tidleg læra seg til å arbeida både ute og inne, slik ein måtte i den tida.
- Eg var ikkje van med så mykje kjærleik då eg var barn, det var ikkje slik før.

Etterkvart arbeidde ho også litt på gardane i Hornindal og litt på hotellet. Dagsløna var oppe i 5 kroner dagen. Å stå i hardt arbeid er noko Bergit er glad for at ho lærte seg, det har vore nyttig og nødvendig heile livet.

Til Eksingedalen kom Bergit fordi ho hadde fått kontakt med Gunnar frå Gullbrå.
– Eg las Norsk Ukeblad, der hadde han sett inn annonse. Me skreiv til kvarandre, og Gunnar kom og besøkte meg. Første turen min til Ekse var saman med ei veninne sommaren 1951. Så heldt me fram med skriving, og 1.mai 1952 gifta me oss i Laksevåg kyrkje. Gunnar sine systrer i Bergen sytte for avtalar som skulle til, både prest og kyrkje og så hadde dei laga til bryllaupsmiddag. Seinare same sommaren kom eg, med eit lite flyttelass. Ei veninne følgde meg den gongen også på sykkel til båten i Eid, og i Bergen møtte Gunnar sin bror meg. Han følgde meg til Gunnar, som venta på Ekse.

Bergit og Gunnar 1.mai 1952

 

-Me vart buande her på Ekse. Gunnar sitt søskenbarn, Berta, hadde garden her då. Det var ingen arvingar, og såleis fekk Gunnar overta dette gardsbruket. Huset var gammalt og i dårleg stand, og husveret delte me med Berta og den gamle mora hennar. Det var ikkje berre berre, men eg godtok alt den gongen.

Bergit ler litt og fortel om då to veninner kom for å besøka henne. Dei reiste same reiseruta som Bergit sjølv då ho kom. Men dei enda opp på Trefallstølen! Dei syns stien dit var like naturleg å gå som vegen opp til Ekse.


-Brørne mine kom òg etter kvart, men først etter at bilvegen kom heilt fram hit. Dei syns det var mørkt og kaldt her, og kummerleg og fattigsleg. Men, slik var det. Eg var ung og eg godtok alt. Huset vart etter kvart bygd inn i eit nytt hus, der delen Bergit og familien budde i stod ferdig i 1972. Det var som ein draum, den gongen. 

I 1953 vart eldste sonen, Hallvard fødd. Det var kaldt i husa, fortel Bergit. Hallvard måtte ha vottar på inne, og oppe på lemmen kunne det blåsa så kraftig at dei innimellom trudde dei skulle blåsa vekk. Snødde inn gjorde det også.

Tunet på Ekse då Bergit flytta dit i 1952

-Første gongen eg reiste til Hornindal att var i 1955, med båt frå Eidslandet. Så var eg nordover og viste fram Margunn i 1961, då ho var nyfødd. Tredjemann Knut vart fødd i 1963, men han var 4 år før eg fekk reist for å visa han fram. Mor og far kom aldri hit.

-Eg var sterk, eg har greidd meg her. Eg har alltid vore den eg er, og då eg kom hit opplevde eg å bli respektert av alle i bygda her. Eg vart kjent med andre bygdefolk då eg tok bussen i ulike ærend. Eg såg folk, og heime kunne Gunnar fortelja meg kven eg hadde sett. Eg har alltid likt folk – og å følgja med på det som skjer.

-Ja, det var fattigare her enn heime der eg kom i frå, men det løyste seg etter kvart. Det vart betre då Gunnar fekk seg arbeid på BKK. Eg stelte heime, stelte sauane og eg byrja etter kvart å tena mine eigne pengar ved å strikka.

 

Det første lønna strikkeoppdraget

Det var i byrjinga av 1960-talet. På den tida gjekk borna frå dei øvste gardane på skule her på Ekse. Læraren heitte Artur Fasteland. Han budde i lærarbustaden på Bergo, og gjekk opp her på ski for å undervisa. Han og hunden hans gjekk opp og ned kvar dag det var skule her. Det var ein dyktig lærar, myndig og veldig kjekk. Ein gong var me på ei tilstelling i skulehuset. Då hadde han med seg familien sin, kona og to små gutar, og kona Aud spurte om eg kunne strikka genser til gutane deira. Og det gjorde eg, eg trur det var Marius-genserar. Dei heldt garnet og betalte godt for arbeidet.


– Og, tenk, seier Bergit, no er ein av dei to småkarane rådmann i Vaksdal.

Etter dette fekk Bergit ei tru på at ho var dyktig nok til å strikka for andre. Ho fekk først oppdrag frå Husfliden på Voss, deretter vart ho modellstrikkar for Dale Fabrikkar. Før i tida var alle modellar til VM og OL-troppar handstrikka. Ho har strikka til mange idrettsfolk, fortel ho. Ho hugsar spesielt godt genseren til Harald Grønningen, han var ein stor kar, storleik 52! Oppdragsgjevaren heldt garn og porto, og Bergit tente 250 kr pr genser i starten. Det var mykje pengar, og ho hadde no sine eigne pengar. Det var godt, smiler ho.

 

Nydeleg strikka roselabbar til oldeborn til jol ligg klare i sofaen. Ho treng ikkje briller for å strikka mønster, det sit i fingrane.

Jola før og no

Som jente var Bergit van med joletradisjonar. Gåvene var nye ullklede; trøyer, bukser og labbar. Kyrkjeklokkene i Hornindal ringte nøyaktig klokka 17. Det var høgtid og god middag og etter middagen pynta dei eldste brørne treet.
-Om kvelden gjekk alle rundt joletreet og me song av full hals. Me song alle dei gode jolesongane, dei hadde me lært utanåt på skulen. Og innimellom i jola sneik me oss ut og gjekk rundt joletreet hjå naboane også.

-Første jola på Ekse var utan joletre. Me hadde ikkje jolepynt, og det var ikkje gåver. Men, pinnakjøt, det åt me kring det runde bordet til Berta. Og førstedagsmorgonen kom Berta, etter gammal tradisjon her, med nøring til oss, ho kom like inn på soverommet med mat. Seinare i jola var det joletrefest i skulehuset her på Ekse. Den varte heile dagen og om kvelden. Folk var heime og sjodna, så kom dei ut at. Det var kjekt for alle. Jola etter hadde me joletre og litt pynt, det kom seg år for år. Eg var ikkje kravstor. Eg hugsar kor godt det var å få sitt eige servise, til dømes. I godt vaksen alder lærte eg meg å laga kling slik dei gjorde her, òg. Og eg bakte alltid smultringar og småkaker til jol.

-Tradisjonar har eg drege med meg. Første året eg var her lagde eg meg jonsokbål. Eg fyrte på nokre pinnar eg fann ved elvekanten, for eg var van med jonsokfeiring. Sidan vart det stort jonsokbål her på Ekse.

 

Eksingedalen møter Hornindal – eit overveldande gjensyn for Bergit


Sist på 80-talet var Bergit med på ein tur som vart ei viktig hending i livet hennar. Eksingedalen husmorlag arrangerte busstur for laget sine medlemmer, ektefellar og pensjonistane i Eksingedalen. Ein stopp på vegen var Hornindal, med overnatting på Raftevolds Hotell.
-Og tenk: Hotellverten tok rundt halsen min då eg kom. Alle var glade, og det var stort. Klokkaren i bygda, han Jon, viste oss rundt. Eksingedalsbussen svinga opp i tunet heime, for alle ville sjå kvar eg kom ifrå. Så var me innom kyrkja. Noko som vart ekstra godt og spesielt for meg var då vår eigen organist, han Asbjørn Nese, gjekk fram og spelte på orgelet i kyrkja i Hornindal. Eg var halvvegs kry den dagen. Og glad for å visa fram bygda eg kom frå.

 

Garden og bygda i Nordfjord

Bergit er glad i staden ho opphavleg kom frå. Ho snakkar ofte med barndomsveninna, ho Karolina, i telefonen. Dessutan bur yngste sonen, Knut, på barndomsgarden. Såleis føl ho med på kva som skjer i den bygda også. Ho viser stolt fram ei bok over alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Hytta i tidlegare Hornindal kommune er plassert på Nakkabruna, med nydeleg utsikt over barndomsgarden Ytterhorn og bygda Grodås.

-  Eg skulle vore der, men det er for bratt å gå dit for meg no. Men det gjer godt for meg å sjå!

At folket i Hornindal no er sunnmøringar og bygda innlemma i Volda kommune, fnyser ho av. Det skulle vore som det var!

 

Framleis strikkar Bergit kvar dag. Ho strikkar, kviler, les aviser, lagar middag, kviler og strikkar. Å strikka mønster gjer ho utan briller! God hjelp har ho av dei to som bur i tunet med henne – og godt selskap har ho i katten. Mannen Gunnar døydde i 2010. Bergit og Gunnar hadde ein gjestfri heim, med mykje folk innom, turistar, jegrar, sauesankarar og familie. No er det mest familie, og Bergit likar særleg å sjå oldeborna. I huset er det no pynta til jol, Bergit gler seg til joledagane.

Bergit er klinkande klar både i  tanken og i talen, og hugsar svært godt. Og ho vil gjerne følgja med på det som skjer i bygda. 


-Eg har alltid sagt det som eg meiner. Det har ikkje vore så lett mange gonger. Men ein ting er sikkert: Det har vore mykje godt her, og eg har greidd meg.

-Lagnaden bestemte at det var her eg skulle leva livet mitt. Slik var det og slik vart det, smiler Bergit, og klappar katten.