Glimt frå den store husavøla i Ljosheim

Av Liv Anne søn 31.01.2021 - 19:01

Det gamle Grendahuset Ljosheim frå 1897 trong så sårt litt stell og omtanke. Husastyret gjekk grundig til verks, med tilstandsrapportar og søknader om økonomiske midlar både her og der. Kronerulling til huset har det også vore. Etter kvart som økonomien har tillete det, er arbeid komme i gang. Ambisjonane er store.

Det første som måtte til var å vøla golvet. Bjelkar er skifta, grunnen er grave ut og ny isolasjon er komme på plass. Golvet er ljost, fint og slitesterkt med fire lag med lakk.

Deretter er huset brannsikria med pipereabilitering og nye reintbrennande omnar i gammal stil. 

Sist vår vart det også gjort strakstiltak for å tetta aktiv lekkasje over toalettbygga. Seinare er det vølt opp etter lekkasjen innvendig på toaletta. Ventilasjonsanlegg kjem på toaletta og nye vindauge skal etterkvart på plass i både  toaletta og i gangen. 

No i januar vert fleire av dei innvendige døren bytt ut, og det kjem i tillegg ei ny dør i veggen mellom Vetlesalen og gangen. I dette arbeidet vart oppdaga at heile veggen mellom gangen og Vetlesalen var roten, så difor ny vegg også. 

- Dette er spennande seier Anna Sveinungsdotter Bergo, som er leiar i Husastyret. 

- Me er så glade for alt me har fått gjort til no - og for alle som har gjort dette mogeleg. Me har motteke gåver frå Eksingedalen Kvinne- og familielag, Eksingedalen gunnelegarlag, Øvre Eksingedalen grunneigarlag, frå Fylkeskommunen via Vaksdal kommune (tilskot til verna kulturminne), Voss Sparebank, 2 løyvingar frå Stiftelsen UNI, 2 løyvingar frå  Kulturminnefondet, Vestenfjelske Bykreditt, og frå Gåveforsterkingsfondet

Behova er store framover, den største utgifta vil vera taket. Styret har fleire søknader på gang, og treng også meir midlar for å realisera resten av planane. 

- Utan stor støtte frå bygdafolk ville me ikkje fått dette til. Det heile starta med loppemarknad. Deretter har det vore kronerulling. Enkeltpersonar har gjeve rause gåver - og ikkje minst; alle timane som er utført på dugnad. 

- For tida vert det jobba med å finna fram til opprinnelege fargar på t.d dører - og tenkt nøye igjennom korleis Ljosheim sin opprinnelege stil skal bevarast.

- Alt dette er kjekt arbeid, seier Husastyret, som er optimistar og arbeidsglade. I mars vert det årsmøte i huset, med høve til å både sjå kva som er gjort og delta i vidare prioriteringar. I 2022 fyller Ljosheim 125 år. Det skal feirast!