I dag fekk heile skulen delta på konserten «STJERNETELLER» med Christine Sandtorv og Stjerneteller-bandet. Elevane fekk møta og oppleva fire profesjonelle musikarar frå Vestlandet, og fekk ei stor konsertoppleving.
"Stjerneteller" er namnet på Christine Sandtorv sin musikkserie for born, og for to av platene i serien har ho og bandet motteke spelemannsprisar i klassa "Beste barneplate". Christine reiser også rundt på festivalar og scener og heldt Stjerneteller- konsertar, saman med det faste bandet sitt.
Dei yngste elevane hadde førebudd seg godt, og songen «Blåse på» ljoma utanfor døra i den kalde morgonen, medan bandet gjorde seg klar inne. Det var stas å få sitja på fremste benk og bli inviterte til å syngja med, på ekte konsert. Det var ablegøyer, humor og glede, stemningsfullt, full kaos og trøkk – og tekstar å kjenna seg att i.
Alt for born, og så slo det godt an hjå dei vaksne også. Christine Sandtorv si stemme er også velkjent som ei av dei tre i poptrioen Ephemera frå Bergen.
Og etter konserten fekk elevane overlevera teikninga dei hadde laga til "Stjerneteller-Christine".
Det er fint når «Den kulturelle skulesekken» sender profesjonelle musikarar ut til ein liten skule også.