Eventyrlystne Laila!

Av Liv Anne fre 19.02.2021 - 14:46

Fjellstova Umbukta Fjellstue ligg i Rana kommune i Nordland. Fjellstova ligg langs E12, som går mellom Mo i Rana og Umeå i Sverige. Umbukta ligg på 527 moh, i vestenden av innsjøen Uman og med Okstindan Natur- og kulturpark i vest. Fjellstova er no koronastengt for turistar og etablert som teststasjon i samband med korona i staden.

Hit har no eksingedølen Laila reist, saman med to sjukepleiarar og ein vernepleiar frå austlandet for å utføra koronatesting. Sjølv er Laila omsorgsarbeidar, med erfaring frå sjukeheim, heimetenester og ambulansekøyring i Vaksdal og Modalen kommunar.  På denne fjellstova bur dei fire damene heile døgeret, og dei jobbar på skift for å testa folk som skal inn i Noreg frå Sverige.


Korleis i alle dagar kom du her, Laila?

-Eg vart meir og meir permittert frå jobben eg hadde på Lågen Spiseri på Stanghelle, og allereie i haust vart eg difor spurt av NAV om eg var villig til å stå på ei liste som innsatspersonell. Ei lita stund etter at det vart full stopp hjå Lågen Spiseri fekk eg på nytt spørsmålet å reisa opp hit.

Ja, då kunne det ikkje ha passa betre: Eg var veldig klar for eit nytt eventyr!  

Testklare Laila på svenskegrensa i Umbukta
Umbukta Fjellstue

Laila fortel at det er fire tilreisande helsearbeidarar i Umbukta, i tillegg til to helsearbeidarar frå Mo i Rana i kvar si halve stilling. Vakta har dei saman med personell frå Røde Kors og til ei kvar tid to frå heimevernet og to politi.  

-Ei dame som er her for Røde Kors kjem forresten frå Voss, med far frå Stamnes! Med eitt unntak så er alle politifolka også «søringar». Alle er kjekke og lette å vera samane med. Lange vakter med 2 personar 12 timar i ei lita stove kunne vore krevjande, men er utan unntak heilt topp!

-Kundane våre, dei me testar, er mange polakkar, estlendarar og svenskar. Det er politi og heimevern som bestemmer kven som skal til oss for testing. Det er mange innfløkte reglar omkring dette. Sjølve testinga skjer ved at heimevernet tek med seg kundane til eit vindauga med ringeklokke. Deretter tek Røde Kors-folka på vakta på seg smittevernutstyr, opnar vindauga og intervjuar kunden. Det er nøye arbeid med registrering: namn, adresse og opphaldstad i karantene der dei skal vera i ti dagar etter testinga her.  Medan dette skjer kler eg på med utstyr, lagar til testutstyr – og så tek eg testen. Deretter er det å analysera, føra inn på data, og venta på hurtigtest når me brukar det. Ein hurtigtest får me svar på etter 15 minutt. Så skriv eg ut resultat og sender kunden vidare. I nokre tilfelle tek me PCR-test, som vert teke som ettertest ved positiv test eller kunden kjem frå utvalde land. 

Okstindan

Vaktene er på 12 timar, og på fire veker har Laila 11 vakter.

-Innimellom arbeidet er det også mykje fritid. Det er fantastisk flott her, mykje fin natur å sjå. Me har reist på bilturar og sett mot Dei sju søstre, Polarsirkelen og mykje meir. Eg har gått på ski og på tur, sett reinsdyr og nordlys. Eg håpar eg kan få sjå endå meir av nordlyset! Her er kaldt, temperaturen har vore ned til minus 35 grader, og det har vore både snøstorm og fine vinterdagar. Naturen er ikkje så ulik frå det som eg opplevde i Stordalen, både høgd på fjella, høgd over havet og vind. Folka her i nord er det lett å komma i prat med, det er fin dialekt her. Så er det mykje hytter og ingen fastbuande her - nett som i Stordalen, det òg.
-Og nett som heima på Høvik så reiser me til Mo for å handla.

Laila skal vera koronatestar i Umbukta til slutten av mars. Ho høyrer til nasjonalt innsatspersonell. Laila fortel at «det poppar inn med tilbod» om nye grensepostar på landegrensa frå lengst nord til austlandet. Om ho skal fortsetja med dette arbeidet håpar ho at det kan vera nærare heimen i Eksingedalen. -Ja, eit oppdrag nærare det hadde vore kjekt, seier Laila.

Nett no gler ho seg til ein friperiode og besøk av «han Bjørn».

-Bjørn og eg skal først og fremst gå på ski, men no melder dei ikkje så bra ver så då vert det nok bilturar. Bjørn skal forresten ha med rasper, spekemat og diverse godt til oss. Det gler me oss til!

-Me har aldri vore så lenge ifrå kvarandre før. Det er faktisk kjekt å kjenna på saknet òg, seier Laila, som er god til å snu alt til det positive.

 

Dette er Nasjonalt innsatspersonell:

  • Det er no i overkant av 80 helsepersonell som er kvalitetssikra av bemanningsselskapet Randstad Care til å gjera denne jobben.
  • Innsatspersonellet har gjennomført teoretisk opplæring i testing, smittesporing, smittesporingsverktøy og bruk av smittevernutstyr og kan reisa på kort varsel.
  • Ordninga vert koordinert av Helse Vest i samarbeid med Helsedirektoratet.

Kjelde: https://www.helsedirektoratet.no

 

Alle foto: Laila Mette Bolstad