Barnehagen opnar att i Eksingedalen

Av redaktør fre 12.03.2021 - 14:52
Det vert det på nytt leik og aktivitet i barnehagedelen av skulen.

Eksingedalen skule går frå hausten over til å bli Eksingedalen Oppveksttun, med born i alderen 1 år til 10.klasse. Dette gjev eit større oppvekstmiljø, med både fleire born og tilsette. På skulen er alle glade for å bli fleire, og både elevar og vaksne har tankar om korleis alle kan ta del i aktivitetar samane med dei små som skal byrja til hausten.

Med dette kjem barnehagetilbodet attende til Eksingedalen, noko som gjer at kvardagen for barnefamiliane enklare heng i hop. 

Det passar også bra at uteområdet ved skulen og barnehagen vert fornya denne våren og sommaren. Dette er eit økonomisk samarbeid mellom Kvinne- og famililaget, idrettslaget, elevar, foreldregruppa og Vaksdal kommune. Bygdefolk stiller til dugnad i både planlegging og seinare montering. Det skal nye aktivitetsapparat på plass både nede i barnehageområdet og oppe på skuleplassen. 

Eksingedalen skule vart teke i bruk i 1972, barnehagen vart teke i bruk i 1992. Det vert jubileum med 50 år og 30 år i august 2022.