Premiedryss og heider med utdeleing av krus for Fjelltrimmen

Av Liv Anne søn 21.03.2021 - 17:50
Mest poeng av alle i 2020 har Vegard Gullbrå Tollefsen, med m.a 19 turar til Kvitanosi

Det er notert 2 635 namn i Fjelltrimmen sine bøker i 2020 og heile 81 av medlemmane i Eksingedalen IL har registrert seg i bøkene. I tillegg mange andre namn. Mest besøkt i år også er Kultatoppen, med 331 noteringar, deretter kjem Flatekvalstølen med 297 namn.

26 medlemmar får kruset for 2020. Kruset er nr 11 i serien, og 9 trimmarar har alle krusa til no. Det er kjekt at nye krusvinnarar kjem til kvart år!

Det er premiering i tre aldersklassar. Høgaste poengsum dette året er 206 poeng, og dei to mest aktive «poengjaktarane» høyrer også i år til i vaksenklassen. Fleire enn før har greidd over 140 poeng.

 

Desse får premie:

Vaksen klasse:

1 -  Vegard Gullbrå Tollefsen, 206 poeng og kr 1 000

2 -  Anita Gullbrå, 180 poeng og kr 500

Klasse 13 – 16 år:

1 - Silje Gullbrå, 55 poeng og kr 1000

2 - Robert Brønstad Hafstad, 28 poeng og kr 500

Klasse 6 – 12 år:

1 - Elias Bergo, 49 poeng og kr 500 i premie

2 - Heidi Nesheim, Linea Brønstad og Vemund Bergo, alle med 11 poeng og 300 i premie

To tilfeldige vinnarar ved digital uttrekking får 300 kroner kvar: Einar Trefall og Hanna Gullbrå.

”Småtroll-diplom”: Josefine Brønstad og Alma Bergo

 

Fjelltrimmen innheldt ialt 15 postar, der 12 postar er på stølar. Dei tre siste er på toppar: Ein lett, kort tur til Kultatoppen, ein litt lengre tur til Nonhaugen og ein lang tur til Kvitanosi. 

I tillegg til å halda orden på poeng og krus, inviterer turgruppa til onsdagsturar og andre turar. I året 2020 vart det gjennomført 11 onsdagsturar i mai, juni, august og septemer.

 

Ny bokkasse på Nonhaugen, ein av tre toppar i Fjelltrimmen

Bøkene vert bytt midt i oktober

2021- sesongen byrja i oktober 2021 og mange er godt i gang med å jakta postar. Kruset dette året vil få motiv frå Flatekvalstølen.

Det er dei same 15 ulike turmåla som gjeld for å få kruset: Fetstølen 3 poeng Vetlejordstølen 2 poeng Nesstølen 3 poeng Flatekvalstølen 2 poeng Lavikstølen 1 poeng Haugastølen 2 poeng Yksendalstølen 3 poeng Kultatoppen 1 poeng Nonhaugen 3 poeng Nesheimstølen 3 poeng Brakestadstølen 2 poeng Trefallstølen 2 poeng Eksestølen 3 poeng Gullbråholmen 3 poeng Kvitanosi 8 poeng

Bok på Mjelkeplassen på Bergo, løypa for "Gygrakjeften Opp", kjem på plass så fort det er tåe opp lia. For Mjelkeplassen vert det eiga premiering.

Dei to med flest poeng får premie, og i dessutan to premiar ved loddtrekking mellom dei med fleire enn fem turar opp.