Lokal påskehandel er bra for nærbutikken!

Av Liv Anne søn 21.03.2021 - 18:47
Butikkstyrar Hege Marie Lavik og Bob ynskjer velkommen til lokal påskehandel!

Nærbutikken er avhengig av god handel i høgtidene, og Hege tilbyr difor ekstra sørvis. Framover mot påske publiserer ho vareutvalet på Facebook-sida til Eksingedalen Snarkjøp. Ho kan også bestilla inn varer etter spesielle ynskje får kundane. 

Hege tek gjerne i mot bestilling, aller helst på epost eksingedalen1509@gmail.com eller ring 902 46 905. Deretter kan ho pakka varer og ha alt klart til kundane kjem for å henta. Hege er fleksibel, det viktige er å ta kontakt og avtala tid for henting. Og ved henting kan ein gå inn i butikken og betala for alt som står klart. Dette er eit smitteverntiltak, for å unngå mange innom samstundes - og eit godt sørvistilbod til påske-kundane. 

- Elles gjeld alle smittevernreglar. Og her vil det vera nøye i påska med forhåpentlegvis mange tilreisande til Eksingedalen, sier Hege.

  Hugs på:

  • sprit hendene på veg inn og ut
  • hald avstand
  • bruk gjerne munnbind
  • Nytt den lange opningstida og fordel handelen utover døgnet  

- Eg får hovudleveringar av varer om tysdagane. All bestilling i god tid er bra. Sjå på Facebook for utvalet og ta kontakt. Lik gjerne sida, då får du oppdateringar med deg også. Det er mykje varer på veg - så følg med! Eg er her, seier den alltid blide butikksjefen på Lavik.