9.klassingar og butikkstyrarar

Av Liv Anne ons 16.05.2018 - 15:43
Idar, Anna, Vegard, Andreas og Leiv tek blidt imot kundane.
Vaflar og kaffi vert servert. Gratis vaflar til dei som handlar over 500 kr!

Gutane jobba. Det var mykje som skulle gjerast før butikken sine hyller på nytt var velfylte til alle som skulle handla ekstra til både 17.mai og pinsehelg. Golvet måtte vaskast, så no kan alle gutane det også!

Gutane har før skrive om kor flott alle varene står på rekkje og rad hjå Hege, så her var det berre å vera nøyaktig!

Andreas syter for orden på safta
Vegard stablar juice
Og ikkje minst, tannkremen, står aldeles på rekkje og rad!