Ny vurdering: Ras deler framleis Eksingedalen

Av Liv Anne ons 31.03.2021 - 21:22

Geolog har gjort undersøkingar og valet er å framleis halda vegen stengt.  Ny vurdering er torsdag 1.april kl 15:00, melder Statens Vegvesen. 

Nokre eksignedølar har hatt lang veg på jobb denne veka, med bil om Evanger, Dalseid og Stamnes for å nå jobben på Mo. Likeeins har vegen vore lang til fastlegen på Mo for covid-vaksine. Andre har gått turen mellom Yksendalen og Fjellanger på si jobbreise eller for å henta varer frå nærbutikken.