Sølv for "Frå flor til fjells"

Av Magnar ons 16.05.2018 - 21:48

De har gjennomført eit flott prosjekt og forska mykje undervegs-og har lagt ned mykje innsats over ein lang tidsperiode.Det er tydeleg at de er veldig engasjerte og har hatt mange gode koplingar mellom fag og kvardagsliv. Det er bra at de lagar hypotesar ut frå kva de veit om lam frå før. Hypotesar blir ofte betre når ein har litt førehandskunnskap. De legg ein god og detaljert plan som de følgjer opp og de investerer mykje tid i prosjektet. Det var flott å lesa om kor mange ulike kjelder de brukte for å finna svar på spørsmåla og for å finna ut om hypotesane stemte. De er nøye når de set alle tal og resultat inn i tabellar og diagram, og vi er imponert over alle utrekningane dykkar: gjennomsnittsvekt, typetal, median, variasjonsbredde og at de samanliknar resultata med tal frå Nortura. Rapporten er veldig omfattande og godt illustrert, og de formidlar og forskinga til andre på fleire vis. Dette er eit imponerande stykke arbeid som erkeleg fortener sølv i Nysgjerrigper-konkurransen 2018

Skulesauen Rockiline og lammet Nysgjerrigpetra
Skulesauen Pinky sine lam
Stolte vinnarar