Strålande feiring av nasjonaldagen

Av Liv Anne søn 20.05.2018 - 23:10
Gråtassen frå Nesheim leia toget

Grønt lauv og grøne bakkar, sol og varme skapte nydeleg ramme for feiringa i Eksingedalen i år! Innhaldet stod alle dei blide frammøtte for! Gråtassen leia toget, etterfølgt av 9.klassingar med flagget. Toradar- og trekkspel skapte god stemning! Kristin Nåmdal heldt ein god, humoristisk og klok tale om ulike sider ved bygdelivet. Om noko ein kunne kjenna seg att i - og samstundes med eit godt blikk utanfrå. Frøydis delte ut Bygdarådet sin heiderspris "Årets Eksingedøl" for aller første gong. Den gjekk til Hege fordi ho har flytta heim att og skapt sin eigen arbeidsplass som er til stor glede for alle som bur  i Eksingedalen, og for alle som kjem til hit. I tillegg fekk Anna og Jørgen blomar frå Bygdarådet fordi dei har flytta her til Elles tradisjonelt innhald av dagen: Tog, tale, dravle, song og musikk - og deretter leikar og triveleg prat med kvarandre.