Klart for bosplukking

Av Frøydis man 21.05.2018 - 21:49

Mange stader i landet vart det arrangert bosplukking i nærområda i starten av mai. Då låg det snø fleire stader i Eksingedalen – men no er snøen borte og det er klart for rydding.

Me oppfordrar no gardane til å ta kvart sitt nærområde, langs vegar og langs elva. Det er observert plast og anna bos mange stader. Tenk så kjekt det vil vere å få vekk noko av dette. Få med deg naboen og gå saman – eller fordel område slik at mest mogleg blir reinska for bos.

Til hjelp kan de kome innom butikken på Lavik og få utdelt plastsekkar til dette, i tillegg til plasthanskar til bruk under bosplukkinga.

Me planlegg bosplukking veke 21 og 22. Etter avtale med BiR kan plastsekkar med bos kan leggjast ved hytte-containere for henting måndag i veke 23, altså måndag 4.juni.

Då håpar me mange tek oppfordringa og blir med på denne bosplukke-dugnaden. OG send bilder frå bosplukkinga (til frogull@online.no/ 90959808 eller messenger Frøydis Gullbrå) – så legg me dei ut her. Finn de bos? Kven finn mest?

Ved spørsmål kontakt Laila Bolstad i bygdarådsstyret, tlf 46940052